Hjelpemiddel

Lån av hjelpemiddel er eit tilbod til deg som grunna sjukdom eller nedsett funksjonsevne treng hjelpemiddel for å greie daglege gjeremål og vere mest mogleg sjølvhjelpen.

Korttidslån

Dette er lån av hjelpemiddel som krykker, toalettstol, badekarbrett m.m.

Heimetenesta har lager og låner ut.

 

Langtidslån

Har du behov for hev-/senkbar seng, tilpassa bil, heis, døropnar eller liknande, må du ta kontakt med fysioterapeut i omsorgtenesta.


For å finne det rette hjelpemiddelet må fysioterapeuten hjelpe til med søknad til NAV Hjelpemiddelsentral i Førde. Fysioterapeuten har ansvar for utlevering og oppfølging av hjelpemidlar som du har lånt av Hjelpemiddelsentralen.

 

Hørselskontaktar

Kommunen har eigne hørselskontaktar som kan hjelpe deg med rettleiing, justering og vedlikehald av høyreapparat.


Kven kan du kontakte? 
 

  • Korttidslån: Ta kontakt med heimesjukepleiar eller leiar heimetenestene Målfrid Sognnes på telefon 577 89 600 eller 577 89 605.
  • Langtidslån: Ta kontakt med fysioterapeut Sirpa Markkanen på telefon 577 89 600.
  • Hørselskontakt: Ta kontakt med Anita Ness Takle eller Linda Ølmheim på telefon 577 89 600.

 

 

 

Kontakt

Eiklund sjukeheim

Eiklund sjukeheim

Omsorgstenestene
Telefon : 57789600
E-post :

Målfrid Sognnes

Leiar heimetenestene
Telefon : 577 89 605
E-post :

Sirpa Markkanen

Fysioterapeut
Telefon : 577 89 600
E-post :