Finn viktig informasjon om:

 

Heimehjelp

Heimehjelp (praktisk bistand) er eit tilbod til deg som grunna sjukdom, funksjonshemming, alder eller av andre årsaker treng praktisk hjelp for å klare dei daglege gjeremåla i heimen.  Målet er at du skal vere i stand til å bu heime.

Heimehjelp kan omfatte til dømes nødvendig reingjering av rom som dagleg er i bruk, skifte av sengklede, oppvask, stell og vask av klede, handle matvarer. Klarer du ikkje slike praktiske gjeremål, kan du søkje om heimehjelp. 
 

Eigenbetaling

Kommunestyret fastset årleg betalingsgebyr for tenestene.
> Taksthefte Hyllestad kommune (PDF, 133 kB)

 

Korleis søkje?

Du må søkje skriftleg om heimetenester.  Søknadsskjema finn du her, eller du kan ringe omsorgstenestene på telefon 57789600 og be om å få tilsendt søknadskjema. 

Søknaden sender du til Hyllestad kommune, omsorgstenestene, Åfjordvegen 903, 6958 Sørbøvåg.

Har du spørsmål til tenesta eller det å søkje, ta gjerne kontakt med oss.

Eiklund sjukeheim
Omsorgstenestene
E-post
Telefon 57 78 96 00