Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den lokale koronatelefonen 908 19 356 (ope kvardagar 08:30 - 13:30) eller nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.

 

 

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta har fast kontortid på skulen, og er difor tilgjengelege på skulen der barna er.  Helsesjukepleiar har treffetid og kontortid på Hyllestad skule kvar måndag. Det er eit gratis lågterskel tilbod for alle elevar ved skulen, og ein treng ikkje å bestille time.

Skulehelsetenesta arbeider for å fremme barn si utvikling, trivsel og meistring, både på individ og universelt nivå. Har barnet utfordringar med fysisk, psykisk eller sosial helse kan ein ta kontakt med skulehelsetenesta. Skulehelsetenesta kan bidra med individuelle samtalar, etablere tverrfagleg samarbeid og foreldrerettleiing. Helsesjukepleiar er å treffe på Hyllestad skule kvar måndag.

Aktuelle utfordringar for barnet kan vere til dømes vanskeleg familiesituasjon, opplevd belastande livshendingar, utfordringar i samspel med andre, mobbing, lite sosialt nettverk, emosjonelle utfordringar, drastisk endring i åtferd og teikn på skulevegring.

Vi tilbyr syn og høyrselstest ved behov.

Kven jobbar i skulehelsetenesta?

Tilsette

Namn

Kontortid

Kontaktinformasjon

Leiande Helsejukepleiar        

Siv Storøy  

Måndag

Tysdag

57789512 / 45878178

siv.storoy@hyllestad.kommune.no

Helsestasjon- og skulelege

 

Moussa El Haddad

Tysdag

57789520

Moussa.El.Haddad@hyllestad.kommune.no

Fysioterapeut

 

Kristina Østerhus

Tysdag Torsdag

57789600

Kristina.Osterhus@hyllestad.kommune.no

 

Ergoterapeut

Jim Roar Wolff

Tysdag Torsdag

90060439

Jim-Roar.Wolff@hyllestad.kommune.no

 

Psykisk helseteneste

Aina Brendsdal

Forthun

Tysdag

57789516 / 45971598

aina.brendsdal.forthun@hyllestad.kommune.no

 

 

  • Helsesjukepleiar har treffetid på Hyllestad Skule kvar måndag frå 09.00-14.00. Ein treng ikkje å bestille time, døra er open for å «droppe innom». Om ønskeleg kan ein ta kontakt per telefon eller mail for timeavtale. Kontoret er ved inngangen til SFO og småtrinnet. Ein kan ta kontakt for små og store utfordringar; både sosiale, psykiske, fysiske og motoriske. Aktuelle utfordringar kan vere til dømes vanskeleg familiesituasjon, opplevd belastande livshendingar, utfordringar i samspel med andre, mobbing, lite sosialt nettverk, emosjonelle utfordringar, motoriske utfordringar, endring i åtferd eller teikn på skulevegring. Vi tilbyr også syn- og høyrselstest ved behov.
  • Skulelege Moussa El Haddad har avsett tysdagar til arbeid med helsestasjon, skulehelseteneste og Helsestasjon for ungdom.
  • Fysioterapeut og ergoterapeut har kontordag på kommunehuset 1.etg kvar tysdag og torsdag. Fysioterapeut kan undersøke og vurdere barn og unge med motoriske vanskar og/eller nedsatt funksjonsevne, barn som har ulike utfordringar med bevegelse og motorikk. 

Ergoterapeut kan bistå med kartlegging og vurdering ifht finmotorikk som for eksempel skrivegrep, nedsatt funksjonsevne og andre motoriske og ergonomiske utfordringar.

  • Psykisk helseteneste har avsett tysdagar til førebyggande psykisk helsearbeid knytt til undervisning av psykologisk førstehjelp for 2., 5. og 8. klasse, i samarbeid med kontakt- og faglærar.

 

Alle som arbeider i skulehelsetenesta har teieplikt.

PLAN FOR SKULEHELSETENESTA

Skulestartundersøking

Time med helsesjukepleiar og lege.

Helsekartlegging, lengde, vekt, syn og høyrsel.

Evt påfyll av manglande vaksiner.

2. Klasse

Tilbod om: Difteri, stivkrampe, kikhoste og poliovaksine (DTP- IPV).

Psykologisk førstehjelp v/ Aina

3. Klasse

Individuell samtale samt tilbod om høgde og vekt.

Klasseundervisning om kost, kropp og trivsel i samarbeid med fysioterapeut

5. klasse

Pubertetsundervisning v helsesjukepleiar

Psykologisk førstehjelp v/ Aina

6. klasse

Vaksine mot Meslingar, kusma og røde hunder (MMR)

Samarbeid med SMISO. Meir informasjon kjem.

7. Klasse 

HPV Vaksine (humant papillomavirus) til jenter og gutar, totalt 2 dosar

8. Klasse

Helsesamtale + høgde/vekt hos helsesjukepleiar.  Undervisning/helseopplysning i forkant av samtalen

Psykologisk førstehjelp/psykisk helse v/ Aina

9. Klasse

Seksualundervisning v/helsesjukepleiar og skulelege

10. klasse

Vaksine mot difteri, tetanus, kikhoste  og polio (Boostrix polio).

NB! Denne vaksinen bør fyllast på kvart 10.år!

 

·Måltretta oppfølging på bakgrunn av nye og tidlegare helseopplysningar på alle klassetrinn.

·Open kontortid og «trefftid» for alle elevar.

·Skulehelsetenesta bidreg i undervisning i grupper eller klassar i den utstrekning skulen ønskjer.

 

Hyllestad helsestasjon har også tilbod om:

 

ICDP foreldrerettleiing:

International Child Development Programme (ICDP) er eit enkelt, helsefremjande og førebyggjande program som har som mål å styrke omsorgen og oppveksten for barn og unge. Programmet rettar seg mot omsorgsgivarar og skal styrke deira omsorgskompetanse. Programmet er lagt opp til 8 vekentlege møter over 1-1,5 time kvar gang ( 8x 1-1,5 timer).

 

Vær med meg- følelsesregulering basert på trygghetssirkelen:

Foreldrerettleiingsprogram (3 møter x 3 timar). Fokus på å auke føresette sin sensitivitet og nysgjerrigheit i samspel med barnet, for å kunne bidra til tryggare tilknyting med påfølgande meir robust utvikling. Programmet tek utgangspunkt i Tryggheitssirkelen (COS) og emosjonsfokusert tilnærming, og passar for alle føresette med barn i alderen 3-12år.

 

Psykologisk Førstehjelp:

PF er kognitiv åtferdsterapi; forholdet mellom tankar, åtferd, kroppsreaksjonar og følelsar. Metoden kan bidra til å gje barn og unge tilgang til «hjelp til sjølvhjelp».  Helsesjukepleiar brukar metoden i dialog med barn og ungdom ved behov.