Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den lokale koronatelefonen 908 19 356 (ope kvardagar 08:30 - 13:30) eller nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.

 

 

Helsestasjon for ungdom

Ungdom i alderen 13-20 år er velkomen til Helsestasjon for ungdom kvar tysdag frå kl.14-15.30 på helsestasjonen. Både lege og helsesjukepleiar er tilgjengeleg i dette tidsrommet. Vi har teieplikt. Tenesta er gratis og du treng ikkje tinge time på førehand.

Om tidspunktet for HFU ikkje passar, er det fullt mogleg å sende ein sms (45878178) eller ringe og bestille time om ein ønskjer timeavtale på eit anna tidspunkt.

Kva kan du få hjelp til?

På HFU kan du få råd og rettleiing om rus, røyk, alkohol, råd om seksuell helse, uønska graviditet, prevensjon, sjølvbilete og mobbing, stress og press, sjølvskading, sjølvmordsadferd, psykiske helseplager, fysisk aktivitet og kosthald.  HFU delar også ut kondom gratis.

Om du ønskjer p-stav eller spiral er dette noko HFU kan hjelpe deg med.

Statens bidragsordning

Kvinner i alderen 16-21 år får økonomisk støtte til prevensjon fra staten. I 2020 utgjør dette 120 kroner for prevensjon i tre månadar.

Dette betyr at mange kvinner får gratis prevensjon. For eksempel vil ein pakke p-piller som koster mindre enn 120 kroner for 3 måneder vere gratis. For p-piller som kostar over 120 kroner må du betale den resterende del av summen over 120 kroner.

Hvis du ønskjer langtidsverkande prevensjon som p-stav, hormonspiral eller kobberspiral vil prisen variere ut i fra kor gamal du er. For p-stav og hormonspiral gjelder følgande: Dersom du er 16, 17, 18 eller 19 år er det gratis. Dersom du er 20 eller 21 må du betale en egenandel. Her  kan du sjå ei oversikt over prisane for spiraler og p-stav gjeldande frå januar 2020.

 

 

 

Kven møter du på helsestasjon for ungdom?

Du møter både helsesjukepleiar (tidlegare helsesøster) og lege. Etter avtale time hos jordmor (for innlegging av spiral) Du får råd og rettleiing av fagpersonane som er på helsestasjonen eller dei kan vise deg vidare til fastlege eller spesialist ved behov.

Alle fagpersonane du møter på helsestasjonen har teieplikt. 

 

Nyttige nettstadar for ungdom:

Sex og samfunn

Ung.no