Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den lokale koronatelefonen 908 19 356 (ope kvardagar 08:30 - 13:30) eller nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.

 

 

Helsestasjon 0,5 år

Barn under skulealder får tilbod om oppfølging og faste kontrollar på helsestasjonen. Du kan alltid ta kontakt med helsestasjonen om har spørsmål eller opplever små og store utfordringar i kvardagen.

Faste konsultasjonar på helsestasjonen: (helst med link som opnar seg under)

Alder på barn

Du møter

Vaksinar

Cirka to veker

Helsesjukepleiar (tidlegare helsesøster)  

 

6 veker 

Helsesjukepleiar og lege

Rotavirusvaksine

2 månader

Fysioterapeut

 

3 månader

Helsesjukepleiar

DTP-IPV-Hib, Hepatitt B Pneumokokksjukdom, Rotavirusvaksine

4 månader  

 

Helsesjukepleiar

DTP-IPV-Hib, Hepatitt B Pneumokokksjukdom,

5 månader

Helsesjukepleiar

 

6 månader

Helsesjukepleiar og lege  

 

8 månader

Helsesjukepleiar

 

10 månader

Helsesjukepleiar  

 

12 månader

Helsesjukepleiar og lege

 

DTP-IPV-Hib, Pneumokokksjukdom, Hepatitt B

15 månader

Helsesjukepleiar

MMR (Meslingar, Kusma og røde hunder)

18 månader

Helsesjukepleiar

 

2 år

Helsesjukepleiar og lege   

 

4 år

Helsesjukepleiar  

 

 

  • På helsestasjonen treff du helsesjukepleiar (tidlegare helsesøster) og lege. Det er og satt av ein time hos fysioterapeut ved 2 mnd alder som eit lavterskel tilbod. Fysioterapeut vil då både ta ein prat med mor ifht bekkenbunnstrening og undersøke barnet med tanke på den motoriske utviklinga og utvikling av favorittside.
  • Du vil få innkalling til dei faste helseundersøkingane.
  • Alle nybakte foreldre får tilbod om heimebesøk av jordmor kort tid etter utreise frå barselavdelinga. Deretter tek helsesjukepleiar over oppfølginga av barnet og familien, med heimebesøk innan 10 dagar etter fødsel.
  • Har du nyleg flytta til Hyllestad kommune og har barn under skulealder, ring oss for å                   etablere kontakt.
  • Er du gravid, ta kontakt med jordmor (med hyperlink til jordmorboksen).
  • Alle våre tilbod er gratis.

     

Temagrupper for spedbarnsforeldre

Vi arrangerer temagrupper for spedbarnsforeldre (0-1 år) ein gong i månaden – informasjon kjem fortløpande til målgruppa. Her samarbeidar helsesjukepleiar med fysioterapeut, jordmor, helsestasjonslege og tannpleier i tema som angår desse.

Kva vaksinar får barnet?

Helsestasjonen tilbyr vaksinene som inngår i barnevaksinasjonsprogrammet

 

Opplever du utfordringar i kvardagen?  Hyllestad helsestasjon har også tilbod om:

Familiar kan i periodar trenge ekstra hjelp og støtte. Snakk med helsesjukepleiar og vi kan gi deg råd og rettleiing. Helsesjukepleiar er sertifisert ICDP rettleiar og sertifisert i foreldrerettleiingskurset «Vær med meg» .Ta kontakt med helsestasjonen for meir informasjon eller ønskje om individuell rettleiing.

ICDP foreldrerettleiing: International Child Development Programme (ICDP) er eit enkelt, helsefremjande og førebyggjande program som har som mål å styrke omsorgen og oppveksten for barn og unge. Programmet rettar seg mot omsorgsgivarar og skal styrke deira omsorgskompetanse. Programmet er lagt opp til 8 vekentlege møter over 1-1,5 time kvar gang ( 8x 1-1,5 timer).

Vær med meg- følelsesregulering basert på trygghetssirkelen: Foreldrerettleiingsprogram (3 møter x 3 timar). Fokus på å auke føresette sin sensitivitet og nysgjerrigheit i samspel med barnet, for å kunne bidra til tryggare tilknyting med påfølgande meir robust utvikling. Programmet tek utgangspunkt i Tryggheitssirkelen (COS) og emosjonsfokusert tilnærming, og passar for alle føresette med barn i alderen 3-12år.

Psykologisk Førstehjelp:  PF er kognitiv åtferdsterapi; forholdet mellom tankar, åtferd, kroppsreaksjonar og følelsar. Metoden kan bidra til å gje barn og unge tilgang til «hjelp til sjølvhjelp».  Helsesjukepleiar brukar metoden i dialog med barn og ungdom ved behov.

 

 

 

Vanlege utfordringar foreldre tek opp på helsestasjonen

• Eg har problem med amminga.

• Eg føler meg deprimert etter fødsel.

• Eg har problem med å få nok mat i barnet mitt.

• Barnet mitt græt nesten heile tida.

• Barnet mitt søv ikkje om natta.

• Barnet vårt er så sjenert og engsteleg.

• Barnet mitt høyrer ikkje på meg.

• Det er vanskeleg å vere mamma og pappa.

 

Vil du vite meir?

Her finn du brosjyrar og lenker til nyttige og trygge nettstadar.

Helsenorge.no: Om amming (fleire språk)

Ammehjelpen

Barnevaksinasjonsprogrammet (fleire språk)

I trygge hender (animasjonsfilm)

Kostråd

Miljø og tryggleik for born

Stinesofiesstiftelsen sin foreldrepakke

Om fødselsdepresjon

Sikring av born i bil

Sovemiljø for spedborn

Tips til deg med born : foreldrehverdag

Å førebyggje brannskade

Småbarnforeldres rettigheter

Barn si motoriske utvikling frå 9-15 månader - informasjonsfilm på fleire språk

Barn og sjukdom

Barn og tannhelse

Helseoversikt app'en