Koronavirus - Hyllestad kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.  

 

Helsestasjon og jordmor

Helsestasjonen tilbyr helsestasjonsteneste for barn 0-6 år, skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom 13-20 år og jordmorteneste.

Helsestasjonen er å finne i 1. etasje i kommunehuset i tilknytning til legekontoret. Helsestasjonen har eigen inngang på baksida (mot sør).

Det er ein helsesjukepleiar, ei jordmor og ein lege tilknytt til helsestasjonen.  I tillegg samarbeider ein tett med ergoterapeut og fysioterapeut.

Ny app til gravide og småbarnsforeldre

Helsestasjon- og jordmortenesta i Hyllestad har teke i bruk appen Helseoversikt. Dette er ei løysing som gjev gravide og småbarnsforeldre trygg og relevant helseinformasjon frå kvalitetssikra kjelder.

Last ned appen i dag ved å søke Helseoversikt i App Store eller Google Play. Appen er gratis.           
Ved spørsmål ta kontakt med helsesjukepleiar eller jordmor.

Kontakt oss

Konstituert helsesjukepleiar: Marthe Eimind, telefonnummer 57 78 95 12.

Jordmor: Cecilia Kleven: E:post: cecilia@oslojordmor.no

 

 

Marthe Eimind
Kst. helsesjukepleiar
E-post
Telefon 57 78 95 12
Mobil 458 78 178