Helsestasjon

Helsestasjonen arbeider med helsestasjonsteneste for barn 0-6 år, skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom 13-20 år og jordmorteneste.

Helsestasjonen finn du i kommunehuset på Hyllestad i første etasje, i same etasje som legekontoret.

Klikk for stort bilete

Opningstider:
Helsestasjonen er open kvar dag.

 

 

Kontakt helsestasjonen/helsesjukepleiar Siv Storøy.

  • Tlf 57 78 95 12
  • Tlf 57 78 95 00

Jordmor Elisabeth Bjånes er i fødselspermisjon (tilbake 1.9.2019).

  • Så lenge jordmor har permisjon vil det vere fastlegen som tek svangerskapskontroll.  Du tingar time på vanleg måte, telefon 577 89 520. 

Helsestasjonen er eit tilbod om

  • barnevaksinasjon
  • helseundersøkingar
  • førebyggjande psykososialt arbeid
  • opplysningsverksemd
  • heimebesøk
  • hjelp og samarbeid med skule
  • samarbeid om habilitering av barn og unge med spesielle behov 
  • svangerskapsomsorg

Vi har òg tilbod om HELSESTASJON FOR UNGDOM

Klikk for stort bileteHelsestasjon for ungdom er eit tilbod til deg som er i alderen 13 til 20 år.  Ungdomshelsestasjonen har ope kvar tirsdag, kontor på skulen, og tilbodet er gratis.  Du treng ikkje tinge time på førehand.  Du kan få møte både helsesjukepleiar, jordmor eller lege. 

 

Vanlege tema å ta opp med helsesjukepleiar er:
- Trivsel
- Kosthald
- Kroppen si utvikling
- Rus
- Stress/psykiske problem
- Prevensjonsrettleiing (helsesjukepleiar og jordmor har rekvisisjonsrett på all prevensjon frå 16 år og oppover).
- Graviditet
- Sjekk av seksuelt overførbare sjukdomar
 

 

 

 

 

Kontakt

Siv Storøy

Leiande helsesjukepleiar
Telefon : 57789512
E-post :

Torunn Tonning

Tenesteleiar helse
Telefon : 57789518
E-post :