Koronavirus

Hyllestad kommune føl nøye med på situasjonen kring utbrotet av koronavirus, og tilrår at alle innbyggjarane held seg oppdatert hos Folkehelseinstituttet .  

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronaviruset kan du ringe Folkehelseinstituttet sin nasjonale informasjonstelefon 815 55 015.
Vi har òg etablert ei eiga telefonlinje lokalt dersom du er bekymra for smitte - 91875865 08.00 - 11.30 på kvardagar.

 

 

Folkehelsearbeid

Målet for folkehelsearbeidet i Hyllestad

Hyllestad kommunestyre har i Plan for folkehelsearbeidet vedteke følgjande mål for arbeidet:

  • Hyllestad kommune skal arbeide for å fremje helse hos alle innbyggjarane.
  • Hyllestad kommune skal arbeide for å redusere helseforskjellar slik at folk får fleire leveår med god helse og trivsel.

Satsingsområda i planperioden 2014-2018 er

  • Fysisk aktivitet og ernæring
  • Psykisk helse og rus

Frisklivssentral

Hyllestad frisklivssentral opna i februar 2015. Frisklivssentralen er eit helsetilbod der målgruppa er personar med risiko for, eller har utvikla livsstilssjukdom/-lidingar, og som treng hjelp til å endre levevanar. Samstundes er det eit lågterskeltilbod med ein klår folkehelseprofil. Hovudtilbodet er Aktiv på dagtid (trimloftet/turar) og ein skal samarbeide med Fjaler og Askvoll om «Bra mat»-kurs, røykesluttkurs og tilbod til born og ungdom. Frisklivssentralen er leia av fysioterapeut Kristina Østerhus, tlf 57 78 96 00.

Hyllestad kommunen er AV-OG-TIL kommune: http://www.avogtil.no/

 

Folkehelseplan for Hyllestad 2014-18 (PDF, 710 kB)

 

Jodtablettar ved atomulykke