Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den lokale koronatelefonen 908 19 356 (ope kvardagar 08:30 - 13:30) eller nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.

 

 

Ergoterapi

Ein ergoterapeut kjem inn når det oppstår eit gap mellom ein person si helse og krava i kvardagen. Dette kan være på grunn av sjukdom, skade eller andre årsaker. Ergoterapi skal bidra til at ein fungerer så godt som mogleg i samfunnet, til tross for ei funksjonsnedsetting. Det å fremje helse gjennom aktivitet står sentralt i ergoterapi. Ergoterapeuten arbeider både førebyggande, helsefremmande, behandlande, rehabiliterande og habiliterande.

Ergoterapeuten i Hyllestad kan bistå med:

  • Trening i daglige gjeremål/ADL
  • Fallførebygging
  • Formidling og tilpassing av tekniske hjelpemiddel
  • Kartlegging, vurdering og opptrening av funksjonsnivå
  • Velferdsteknologi
  • Universell utforming/tilrettelegging av fysiske omgjevnader
  • Rettleiing, opplæring, informasjon og undervisning
  • Individuell og/eller gruppetrening
  • Samarbeid med andre tenester, som til dømes: helsestasjonen, sjukehuset, skulen og barnehagen.


Hjelpemiddel
Ergoterapeuten er hjelpemiddelkontakt i kommunen, og kan bistå med hjelpemiddelformidling og søknad på tekniske hjelpemidla frå NAV Hjelpemiddelsentral. Eit hjelpemiddel skal kunne bidra til å redusere dei praktiske utfordringane til nokon med ein funksjonsnedsettelse og auke følelsen av sjølvstendigheit i kvardagen.

Korttidslån
Dersom du berre har ein midlertidig/akutt skade eller funksjonstap, kan det være nyttig med eit hjelpemiddel på korttidslån. Dette kan du låne frå det kommunale hjelpemiddellageret. Dette kan for eksempel være ein rullator, rullestol eller dusjkrakk.

Langtidslån
Dersom det er behov for varig utlån (lenger enn 2 år), kan ergoterapeuten bistå med å finne dei rette hjelpemidlane som passar best for deg, og sende søknad til NAV Hjelpemiddelsentralen.


Barnehagen og skulen
Dersom du som tilsett på skulen eller foreldre har mistanke om eit barn som har forsinka finmotorikk, skrivegrep eller nedsatt håndfunksjon, kan du ta kontakt med ergoterapeuten. Då kan han reise ut til barnehagen/skulen for å kartlegge.  

Synskontakt
Ergoterapeuten i Hyllestad kommune er også synskontakt og kan bistå med synshjelpemidlar, og kan bistå med tilpassing av til døme lys og fargar i omgjevnadar til personar. Synskontakt formidlar ikkje briller og linse.

Kven passar dette tilbodet for?
Alle mennesker uansett alder kan få ergoterapi når ein kjenner at ein ikkje lenger kan meistre eigen kvardag. Ta gjerne kontakt med ergoterapeut Jim-Roar Wolff på telefon eller e-post.

Klikk for stort bilete 

Kontakt

Jim-Roar Wolff

Ergoterapeut
Telefon : 577 89 602
E-post :