Feiing og tilsyn

Kommunen har ansvar for feiing og å føre tilsyn med fyringsanlegg.

Kommunen skal syte for at det vert ført tilsyn, med at fyringsanlegget for oppvarming av rom og bygningar er intakt, fungerer som forutsatt og ikkje forårsakar brann eller annan skade, etter behov og minst ein gong kvart fjerde år.

Varsel om feiing eller tilsyn

Varsel om feiing eller tilsyn vert i stor grad sendt ut som tekstmelding via Varsling 24 nokre dagar før. Dersom ikkje tidspunktet høver, kan du avtale nytt tidspunkt med feiaren.

Lurer du på om ditt telefonnummer er knytt til denne tenesta, så kan du sjekke dette, og eventuelt endre oppføringa  via varslemeg.no

Sikker tilskomst

Det er eigar av hus/bygg sitt ansvar å sørge for sikker tilkomst til og på tak. Er feiaren avhengig av laus stige for å kome til taket, skal eigaren sørge for at det er eigna stige på lett tilgjengeleg stad.

Før feiaren kjem skal du:

  • Legge fram stige (for dei med takfeiing).
  • Sikre at stigen ikkje kan skli.
  • Sjekke at takstige og andre innretningar er i forsvarleg stand og i samsvar med regelverket.
  • Parafin-/oljebrennar skal vere sløkt og avstengd (for dei som har det).
  • Stenge luker, ventilar og spjeld.
  • Hugse å seie frå til eventuell leigebuar.
  • Passe på at ikkje noko anna kan vere til hinder for feiinga.

Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, framlagt stige eller på anna måte gjeve klar melding om at det kan feiast), vil det ikkje bli feia. Du kan ikkje rekne med ny feiing før neste runde dersom det ikkje blir gjort ny avtale medan feiaren er i området. Ta difor kontakt med feiaren så snart som mogleg.

Tilsyn

Eigar eller representant for eigar skal vere til stades og sørge for at samtlege bueningar, eldstader og skorsteinar er tilgjengeleg. Om nødvendig må eigar eller eigar sin representant varsle andre brukarar (leigetakarar).

Tilsynet vil omfatte kontroll av:

  • Eventuelt tidlegare avvik eller merknader er følgt opp og utbetra.
  • Ny eldstad eller vesentlege endringar ved fyringsanlegget er meldt inn til kommunen.
  • Anlegget er tilfredstillande kontrollert, ettersett og vedlikehalde.
  • At røykvarslarar, handslukkeutstyr og rømmingsveg følgjer regelverket.

Har huseigar informasjon til feiarvesenet som har betyding for tilsynet ber vi om at dette blir lagt fram til oss når vi kjem. Dette kan til dømes vere monteringsanvisning til omn eller liknande.

Spør om ID-kort dersom du er usikker om det er feiaren som kjem på døra. 

Feiing gjeld heilårsbustader og fritidsbustader

Tenesta gjeld heilårsbustader og fritidsbustader, etter forskrift om brannforebygging.

Lover og forskrifter

Atle Tonning
Brannsjef
E-post
Mobil 97 53 04 58