Kommunale bustader

Myklebu - Klikk for stort bilete

Dersom du ønskjer å leige ein kommunal bustad må du gjerne sende oss ein søknad. 

Du finn søknadsskjema her > Leige av kommunal bustad
 

Du må logge inn med med BankID for at informasjonen du gir skal vere så sikra som mogleg, søknaden vert sendt elektronisk til sakshandsamar.

Dersom du ikkje har BankID, ta kontakt med kommunen for å få tilsendt papirskjema.

Papirsøknader kan sendast til Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad.
 

Nokre av bustadane er øyremerka vanskelegstilte på bustadmarknaden.  Dersom du søkjer om å få bu i ein av desse bustadane, må du skrive det i søknaden din.

Liste over kommunale bustader.  Husleiga er oppgitt per månad, inkludert kommunale avgifter.  Straum og ev. internett vil komme utanom.

Kommunale bustader for utleige
Bustad Pris per mnd Merknad
Rekkjehusvære, Nedre Heggebøen (Hola), 4 leiligheiter - 2 sov 5 348
Rekkjehusvære, Ytre Bøvegen - 3 sov 4 900
Rekkjehusvære, Ytre Bøvegen - 2 sov 3 730
Rekkjehusvære, Leirvik (Heggebøneset), 3 leiligheiter - 1 sov 5 348
Rekkjehusvære, Nedre Heggebøen (gartneritomta), 2 leiligheiter - 3 sov 7 500 Behovsprøvd
Rekkjehusvære, Nedre Heggebøen (gartneritomta), 4 leiligheiter - 2 sov 9 000 Behovsprøvd
Einebustad, Lifjordvegen, Hyllestad, hovudetg., 3 sov 5 666
Einebustad, Lifjordvegen, Hyllestad, kjellaretg., 1 sov 4 150
Rekkjehusvære, Myklebustlia, 4 leiligheiter - 1 sov 5 348
Rekkjehusvære, Myklebustlia, 2 leiligheiter - 2 (3) sov 7 500 Behovsprøvd
Rekkjehusvære, Myklebustlia, 1 leiligheit - 3 sov 9 500 Rekrutteringsbustad

Kontakt

Elin Garnes Solås

Kontor- og personalsjef
Telefon : 577 89 504
E-post :

Hege Solberg

Helse- og omsorgssjef
Telefon : 577 89 515
E-post :