Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.

 

 

Tilbygg, påbygg

Tilbygg er å byggje til på sida av eksisterande bygg, til dømes utvide stova, byggje terrasse.

Påbygg er å byggje i høgda av eksisterande bygg, til dømes heve taket for innreiing av loft, eller bygge på ein ekstra etasje.

 

Vegvisar til fritak frå søknadsplikt

 

Føljande kan du stå med ansvar for sjølv:

Oppføring av eit enkelt tilbygg med samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) inntil 50 m²

Korleis søkje ?

 
Føljande krev kvalifisert føretak:

  • Oppføring av tilbygg med bruksareal og bebygd areal over 50 m²
  • Påbygg

Du må ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak som kan stå ansvarleg for søknad til kommunen.

Prosjektering og utføring må gjerast av kvalifierte føretak, som du må engasjere og inngå avtalar med. Dei må ha ansvarsrett, sentral eller lokal godkjenning.

Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) har lista opp føretak med sentral godkjenning.

 

Arealplan - kva seier den om min eigedom?

Det du skal byggje må vere i samsvar med plan. Før du går i gang med planlegging, må du difor sjekke ut kva planar og bestemmelsar som gjeld for din eigedom. Det vil vere avgrensingar og føringar i kommune- eller reguleringsplan for kva du kan bruke området til og kva du kan bygge. Det kan vere bestemmelsar for byggegrenser, størrelse, høgde, takvinkel og liknande. Pass på at tiltaket er innanfor desse avgrensingane.

Du får kommune- og reguleringsbestemmelsane via kartsidene til Hyllestad kommune eller ved å henvende deg til kommunen.

Dersom tiltaket ikkje er i samsvar med arealplan, kan du søkje om dispensasjon.

 Korleis finne arealplan og planbestemmelsar:


Plassering av tilbygg:

Bygningen skal ligge innanfor byggegrense i reguleringsplan. Er det ikkje byggegrense i reguleringsplankartet eller området ikkje er regulert, skal bygningen i utgangspunktet plasserast 4 meter frå nabogrense, jf. plan- og bygningslova § 29-4.

Kommunen kan godkjenne nærare plassering enn 4 meter dersom nabo har samtykka til dette i ei skrifteleg nabofråsegn, som kjem i tillegg til nabovarsling.

Skjema for nabofråsegn (PDF, 63 kB)

Nabovarsling