Skorstein

Skal du rehabilitere  eller sette opp ny skorstein er dette søknadspliktig med krav til ansvarsrett frå kvalifisert føretak.

Du må ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak som kan stå ansvarleg for søknad til kommunen.

Prosjektering og utføring må gjerast av kvalifierte føretak, som du må engasjere og inngå avtalar med. Dei må ha ansvarsrett, sentral eller lokal godkjenning.

Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) har lista opp føretak med sentral godkjenning.

 

Gå til skjema Skorstein og eldstad - søknad om tiltak (PDF, 0,1 Mb)

Nabovarsling:  du treng ikkje nabovarsle rehabilitering eller oppføring av ny skorstein.

 

Reinstallering og reparasjon av eldstad er ikkje søknadspliktig, men skal meldast frå om til kommunen, bruk skjema over.