Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den lokale koronatelefonen 908 19 356 (ope kvardagar 08:30 - 13:30) eller nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.

 

 

Slik søkjer du

Før du sender søknad :

Sjekk ut dette

 

 

 

 


 

 

Sjekk planar og reglar
Før du startar eit byggearbeid må du sjekke kva planar og reglar som gjeld for eigedomen din. Ta kontakt med kommunen dersom du er i tvil om du har lov til å bygge.

Skriv ut situasjonsplan (kartutsnitt) frå kartsidene, eller ta kontakt med kommunen. Teikn inn byggetiltaket på kartet. Set på næraste avstand til vegmidte, nabogrense og anna bygning.

Bestill nabovarslingsliste
Skal du gjere noko som krev at du søker om byggeløyve frå kommunen må du varsle naboane dine først. Bestill naboliste eller ta direkte kontakt med kommunen

Send ut nabovarsling til dei på nabolista. Du kan sende digital nabovarsel, overlevere varselet direkte eller sende det rekommandert. Epost kan og brukast, men må då få stadfesting på at nabovarslel er motteke som du legg ved søknad. Få underskrift med dato på motteke varsel eller datostempel på rekommandert sending frå Posten på kvitteringsliste for nabovarsel. Informasjon og skjema - nabovarsel for privatpersonar .  Nabovarsel skal innehalde nødvendig informasjon til nabo om tiltaket, legg ved fasadeteikningar og situasjonsplan. Naboar har 14 dagar frist for å komme med merknader.

Vent minst 14 dagar for eventuelle nabomerknader og send søknad samla til kommunen.

Send inn søknad
Hugs å fylle ut alle felt og legg ved all relevant informasjon, slik som teikningar (plan/snitt/fasade), situasjonsplan, nabovarsel og kvitteringar for nabovarsel. Avhengig av kva du skal bygge kan det vere krav til andre vedlegg eller dokumentasjon til søknaden.

Send søknad til:

Hyllestad kommune
Lifjordvegen 7
6957 HYLLESTAD

e-post: postmottak@hyllestad.kommune.no

Du kan sende søknad om bruksendring og nabovarsling digitalt

Informasjon og skjema finn du på direktoratet for byggkvalitet sine nettsider

 

 

Byggesøknad skal innehalde:

 

Søknadsskjema 

Gjenpart av nabovarsel

Kvitteringsliste av nabovarsel

Eventuelle nabomerknader med din kommentar

Eventuelt søknad om dispensasjon. Søknaden skal vere grunngjeven. Det skal gjerast greie for at hensikta med planen ikkje vert vesentleg sett til side og at fordelane er større enn ulempene ved ein dispensasjon.

Målsett situasjonsplan (kartutsnitt med tilaket innteikna) i målestokk 1:500 event 1:1000 for større tiltak. Det du skal bygge skal teiknast inn på kartutsnittet.

Målsette teikningar av tiltaket: plan- snitt - og fasadeteikningar påsett mål og i målestokk 1:100 eventuelt 1:50. På fasadeteikningane skal noverande og framtidig terrengnivå visast fram til nabogrensa.

Andre relevante skjema knytt til byggesak, til dømes for søknad om utsleppsløyve, ny/endring av avkøyrsle, tilkopling til offentleg vatn eller avløp, med meir, finn du under sjølvbetjening og skjema