Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.

 

 

Klage på vedtak i plan- og byggesak

Enkeltvedtak kan klagast over innan tre veker etter at du har motteke melding om vedtaket, jf forvaltningslova § 28.

Klage må vere postlagt før klagefristen går ut.

Klage som er sett fram innan fristen, frå dei som er partar eller har rettsleg klageinteresse i saka, vert behandla av formannskapet som er underinstans i klagesaker etter plan- og bygningslova.

Formannskapet kan:

  • endre vedtaket det er klaga over. Dette er då eit nytt enkeltvedtak med eigen klagerett

  • halde fast på vedtaket det er klaga over. Klagen går då over til Fylkesmannen Vestland som er klageinstans for enkeltvedtak etter plan- og bygninglova, for endeleg vedtak.

Føljande vedtak kan klagast på:

  • Vedtak i byggesak eller delingssak

  • Dispensasjonar frå plan eller plan- og bygningslova

  • Vedtak om reguleringsplan.

Du kan ikkje klage på vedtak om kommuneplan.

 

Korleis klagar du ?

Klage skal vere skrifteleg

  • må innehalde kva vedtak det vert klaga på.

  • bør vere grunngjeven.

  • bør og innehalde eventuelle andre/nye opplysninger som kan vere avgjerande for kommunen si vurdering

  • bør innehalde kva endringer ein ynskjer.

  • må vere underteikna og påført dato.

Klage skal sendast til Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 HYLLESTAD

epost: postmottak@hyllestad.kommune.no

Treng du hjelp til å klage får du hjelp hos kommunen.

 

Sjølv om det er klagerett på enkeltvedtak kan tiltaket gjennomførast. Du kan søke om å få utsett igangsetting av tiltaket inntil klagefristen er gått ut eller klaga er avgjort. Kommunen avgjer om det er grunnlag for å utsette igangsetting, og denne avgjerda kan ikkje klagast på. Ta gjerne kontakt viss du har spørsmål eller treng rettleiing i samband med dette.

Kommunen tar ikkje gebyr for behandling av klager.