Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den lokale koronatelefonen 908 19 356 (ope kvardagar 08:30 - 13:30) eller nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.

 

 

Finn arealplan for eigedomen din

Kommuneplan og reguleringsplan finn du på kommunen si kartside

Her finn du plankart for kommuneplan og reguleringsplanar. Enn so lenge må du ta kontakt med kommunen for å få reguleringsbestemmelsar.

Slik gjer du:

Klikk på kartside

Zoom inn i kartet til den aktuelle staden ved å scrolle eller bruke + og - knappane i kartet, ellers vil ikkje plankartet vise.

Klikk på ikonet med kommunevåpenet - kartlag

Hak av for Reguleringsplanar

Hak av for Reguleringsplan

 

Arealplan - kva seier den om min eigedom?

Det du skal byggje eller dele frå til, må vere i samsvar med plan. Før du går i gang med planlegging, må du difor sjekke ut kva planar og bestemmelsar som gjeld for din eigedom.

Det vil vere avgrensingar og føringar i kommune- eller reguleringsplan for kva du kan bruke området til og kva du kan bygge.

Det kan vere bestemmelsar for tomtestørrelse, byggegrenser, høgde, takvinkel og liknande. Pass på at tiltaket er innanfor desse avgrensingane.

Du får kommune- og reguleringsbestemmelsane via kartsidene til Hyllestad kommune, sjå link over, eller ved å henvende deg til kommunen.

Dersom tiltaket ikkje er i samsvar med plan, kan du søkje om dispensasjon.