GrensejusteringKommunen kan justere ei grense mellom to eigedomar ved grensejustering, dersom det gjeld overføring av små areal. Hovudregelen for grensejustering er: ein eigedom kan få auka eller redusert arealet med inntil 5 %. maksimalt areal som kan grensejusterast er 500 m2, uavhengig av prosentandel. ingen eigedom kan avgi meir enn 20 % av sitt areal før justeringa. Grensejusteringar kan gjerast mellom alle type eigedomar, og blir ikkje tinglyst. Slike saker skal handsamast hjå kommunen ved oppmålingsforretning og føre dei nye grensene i matrikkelen. Meir informasjon om grensejustering finn du i matrikkellova og matrikkelforskrifta. Slik søker du om grensejustering Send søknadsskjema til kommunen. Hugs at alle eigarar av involverte eigedomar må signere søknadsskjemaet. Legg ved kart som viser ønska endring/justering av grensene. Publisert 02.06.2015 12.17