Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.

 

 

Deling av eigedom

Deling av grunneigedom betyr å dele frå ein del av ein fast eigedom slik at denne delen får eige gards- og bruksnummer. Ved bortfeste av deler av en eigedom for meir enn 10 år, må det også ligge føre eit delingsløyve.

Det er grunneigar/ heimelshavar som søkjer kommunen om løyve til deling.

 

Aktuelle søknadsskjema:

Kart med innteikna parsell og grunngjeving av søknaden må leggast ved. 

NB! Om ein sender nabovarselet rekommandert i posten, har alle mottakarar 2 veker frist til å komme med merknad til tiltaket. Tiltakshavar må då vente med å sende inn søknad til kommunen til merknadsfristen er ute. Alle innkomne merknadar til tiltaket skal følgje med søknaden til kommunen.

 

Søknaden vert handsama/vurdert etter:

  • Gjeldande arealplanar (kommuneplanens arealdel, kommunedelplan/ reguleringsplan/ utbyggingsplan). Er søknaden i strid med gjeldande lov- og regelverk, kan søknaden handsamast som dispensasjonssak i samsvar med plan- og bygningslova §§ 19-1 og 2.
  • Plan- og bygningslova kap 26, 27 og 28 (om parsellen er eigna til formålet, tilkomst, vatn/avlaup og naturgitte tilhøve som stabillitet i byggegrunn, risiko for flaum, fare for skred m.m).
  • Jordlova §§ 9 og 12. (§9:For all jord som er dyrka eller eigna til dyrking. § 12: Eigedom som kan nyttast til jord eller skogbruk.

Den nye eigedomen får tildelt eige gnr/bnr, vert registrert i den sentrale matrikkelen og tinglyst. Matrikkelbrev på eigedomen vert sendt til aktuelle partar.

 

 

 

Marius Aase Jørgensen
Ingeniør
E-post
Telefon 57 78 95 29