Koronavirus

Hyllestad kommune føl nøye med på situasjonen kring utbrotet av koronavirus, og tilrår at alle innbyggjarane held seg oppdatert hos Folkehelseinstituttet .  

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronaviruset kan du ringe Folkehelseinstituttet sin nasjonale informasjonstelefon 815 55 015.
Vi har òg etablert ei eiga telefonlinje lokalt dersom du er bekymra for smitte - 91875865 08.00 - 11.30 på kvardagar.

 

 

Eigedomsskatt

Eigedomskatt er ei kommunal avgift som vert skrive ut i samsvar med lov om eigedomskatt til kommunane, samt vedtekter godkjend av kommunestyret og retningsliner fastsett av eigedomsskattenemnda.

Eigendomskatt vart innført for alle eigendomar i Hyllestad kommune frå 2008, det er gjennomført ny hovudtaksering som gjeld frå 1.1.2020. Skattesatsen er på 5 promille for alle skattepliktige eigedommar, 7 promille for næringseigedomar.

Skatten vert rekna av 70 % av taksten, og skattesatsen er på 5 promille for alle skattepliktige bustad- og fritidseigedomar, og bustaddel på landbrukseigedomar.  Skatten vert rekna av 100 % av taksten, og 7 promille for alle andre eigedomar, som til dømes næring, tomter, tarasjar og naust.

Hovudtaksering

Hovudskattetaksering er gjennomført og gjeld frå 1.1.2020.  Takseringa gjeld i 10 år.

Ny verdisetting

Dersom ein eigedom i tida mellom to ålmenne takseringar vert delt, når bygningar på eigedomen vert nedrevne eller øydelagde ved brann o.l, når det vert gjordt endringar på bygningar, eller når det vert oppført nye bygningar på eigedomen skal der vere ny verdisetting, dersom det er grunn til å tru at endringa minst vil svare til ein verdi på 10.000.

Frist for omtaksering

Fristen for sjølv å kreve omtaksering er i utgangspunktet 1.november i året før skatteåret.

Om eigedomskatten

Eigedomskatten, promillesats, terminar, fritak etter eigedomskattelova § 7 og utskrivingsområde blir vedteke av kommunestyret kvart år i samband med budsjettbehandlinga.

Klage

Skatteytaren kan klage på den utskrivne eigedomsskatten. Klaga skal vere skriftleg til eigedomsskattekontoret innan 6 veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen eigedomsskattelista vart utlagd eller dagen skattesetelen vart sendt i samsvar med eigedomsskattelova § 14. 

Klage over verdien kan bli fremja kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidligare. Klage vert avgjort av klagenemnda for Eigedomsskatt.

For meir info, sjå § 19-23 i eigedomsskattelova
Eigedomskattelova

Kunngjering

Eigedomsskatteliste med opplysningar om alle skattelagde eigedomane vert lagt ut til offentleg gjennomsyn før den 1.3. og ligg ute i minst 3 veker. Den ligg på kommunen si nettside, og i papirformat i ekspedisjonen på kommunehuset.