Driveplikt Det er driveplikt på alt jordbruksareal. Jordbruksareal omfattar arealklassane fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Driveplikta har heimel i Jordlova av 12.05.1995, § 8 1.ledd, som lyder: «Jordbruksareal skal drivast. Driveplikta gjeld for heile eigartida. Ny eigar må innan eitt år ta stilling til om han eller ho vil drive eigedomen sjølv eller leige bort jordbruksarealet etter føresegnene i andre ledd.». Søknad om fritak Under visse omstende kan ein søkje om fritak frå driveplikta. Kommunen v/landbruksforvaltninga behandlar søknaden. Publisert av Elin Garnes Solås Publisert 02.06.2015 11.59