Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider. Bestilling av koronavaksine

 

Breiband i Hyllestad

Dei siste åra har det blitt gjennomført fleire store utbyggingsprosjekt, og dekningsgraden for fiber i kommunen er i dag på om lag %. Dette er relativt bra, men det er sett av midlar til vidare utbygging, og kommunen er klar for å ta tak i dette viktige arbeidet.

Løysinga tek utgangspunkt i ei basis løysing med fiber som gir den mest stabile og beste kapasiteten for sluttbrukar. Utfordringa er at kommunen er langstrakt med ein spreidd busetnad. Det betyr at det blir krevjande og dyrt med fiber alle stadar. I restprosjektet vil fiber bli vurdert som første prioritet, men vi må også vurdere andre løysingar for breiband via radiolink.

Det første som skjer er at det blir utarbeidd plan for restutbygging. Denne skal handsamast politisk i mars/april, og så danne grunnlag for søknader om offentleg støtte (NKOM- midlar). Vonleg vil Hyllestad få midlar, få gjennomført anbodsrunde 21/22 og kome i gang med nye prosjekt i 2022.

Plan og kartlegginga:

Parallelt med planarbeidet har det blitt kartlagt kva breibands- og mobildekkninga er i Hyllestad kommune.

Fiberdekning pr. Januar 2021Klikk for stort bilete

Kartet ovanfor syner kva område som i dag har fibertilbod (grønne prikkar) og kvar det ikkje er tilbod (svarte prikkar). Boenheter (gule prikker) har breibandstilbod via radiolink.

Link til plan, kommer etterkvart.

 

Kontakt og tilbakemeldinger

Ta gjerne kontakt for informasjon, innspel og tilbakemeldinger, vi vil gjerne høyre frå dykk!

Vi er å treffe på tlf. 57789500 eller via postmottak@hyllestad.kommune.no