Startlån frå Husbanken

Har du vanskar med å kome deg inn på bustadmarknaden eller å kunne bli buande i bustaden din?

Då kan startlån frå Husbanken vere ei aktuell låneordning for deg.

Søknad via NAV

For å søkje om startlån kan du ta kontakt med NAV Hyllestad på telefon 55 55 33 33.  Der vil du få hjelp og rettleiing til utfylling av søknadsskjema og innhenting av nødvendige vedlegg. 

Før du søkjer om startlån må du ha sjekka om du kan på lån i privat bank.

Om startlån

Starlån er ei ordning som skal bidra til gode løysingar for varig vanskelegstilte på bustadmarknaden.  Varig vanskelegstilte vil sei husstandar som verken no, eller seinare, vil kunne få finansiert bustad på annan måte enn ved bistand fråkommunen.

> Les meir om Husbanken sin informasjon om startlån

Husbanken har òg andre stønadsordningar i samband med bustad.  Desse kan du lese om her:

> Bustønad
> Bustadtilskot

Kontakt

NAV Hyllestad

NAV Hyllestad

Bankbygget
Telefon : 55 55 33 33
E-post :