Korleis søkje?
Søknad om alle tenester må vere skriftleg. NAV-kontoret kan hjelpe deg med å skrive søknaden dersom du har vanskar med dette.
Alle som søkjer om sosiale tenester får ei individuell samtale der vi kartlegg behov for tenester.
Gjeldsrådgjeving
Dersom du har økonomiske problem kan du òg ringe:
> Økonomirådstelefonen i NAV - ring 800GJELD
> Chat med NAV om økonomiske problem.
Her får du enkle råd og hjelp til sjølvhjelp.
Det er gratis å ringe frå fasttelefon. Ringer du frå mobiltelefon, kan vi ringe deg tilbake om du ønskjer det.