Bustønad

Bustønad er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader. Husbanken og kommunen samarbeider om ordninga om bustønad. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som behandlar søknadane og har all kontakt med deg som søkjar.

Kven kan få bustønad?

For å søkje må du vere fylt 18 år, ikkje vere student eller avtjene sivilteneste eller førstegongsteneste. Du må vere folkeregistrert på bustaden si adresse den 1. i månaden du søkjer.

> Sjekk om du kan få bustønad

 

Korleis søkje om bustønad?

Du kan søkje om stønad elektronisk eller på papir.  Søknadsfristen er den 14. i kvar månad, og utbetalinga kjem rundt den 10. i månaden etter.

Papirsøknader kan sendast til NAV Hyllestad, 6957 Hyllestad eller du kan komme innom NAV-kontoret og få hjelp og rettleiing til utfylling av søknaden. 

> Søknadsskjema til Husbanken - papirskjema

> Søknadsskjema til Husbanken - elektronisk

 

Du må melde frå om endringar

Dersom du får tildelt bustønad, treng du ikkje søkje kvar månad. Men du må melde frå skriftleg til kommunen dersom

  • det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue
  • dersom du flyttar til ein ny bustad (då må du søkje på nytt)
  • dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
  • dersom bukostnadane endrar seg
  • dersom ein i bustaden/huslyden blir student

> Melding om endringar

 

Klage på vedtak om bustønad

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtak. I nokre høver må du fylle ut eit eige klageskjema.  Klaga skal du sende til NAV Hyllestad, 6957 Hyllestad.

> Slik klagar du på eit vedtak om bustøtte

 

Ønskjer du meir informasjon om bustønad, ta kontakt med NAV Hyllestad for å få hjelp og rettleiing (telefon 55553333).

 

Sist endra 06.11.2015 14:48 av Solås, Elin Garnes
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering