Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider. Bestilling av koronavaksine

 

PPT - Pedagogisk psykologisk teneste

PPT for Ytre Sogn og -Sunnfjord er ei felles teneste for kommunane Askvoll, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Masfjorden og Solund.

Kva gjer PP-tenesta

PP-tenesta er sakkunnig instans i saker om spesialpedagogisk hjelp. PP-tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd lovpålagte sakkunnige vurderingar. PP-tenesta skal bistå barnehagar i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å tilretteleggje barnehagetilbodet for barn med særlege behov.

PP-tenesta skal hjelpe skulen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. PP-tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Føremålet er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod.

Les meir om PP-tenesta på Utdanningsdirektoratet sine sider.

Informasjon og dokument

Meir informasjon om tenesta og relevante dokument er tilgjengeleg på fellessida til PPT for Ytre Sogn og -Sunnfjord.

Berit Louise Bjørnsen
PP-leiar
E-post
Telefon 952 55 939
Mobil 952 55 939

Telefon: 952 55 939