Koronavirus

Hyllestad kommune føl nøye med på situasjonen kring utbrotet av koronavirus, og tilrår at alle innbyggjarane held seg oppdatert hos Folkehelseinstituttet .  

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronaviruset kan du ringe Folkehelseinstituttet sin nasjonale informasjonstelefon 815 55 015.
Vi har òg etablert ei eiga telefonlinje lokalt dersom du er bekymra for smitte - 91875865 08.00 - 11.30 på kvardagar.

 

 

Leiing og kvalitet i barnehagen

 Hyllestad kommune har valt Triangel Consulting AS til gjennomføring av programmet "Ledelse og kvalitet" i barnehagen.  Dette er eit felles utviklingsprogram for leiing av systematisk arbeid med kvalitet i barnehagane i Askvoll og Hyllestad kommunar.

Vi starta opp prosjektet med ein felles «Kich-off» i Askvoll 20. oktober 2015.

Programmet «Kvalitet og ledelse» tar utgangspunkt i barnehagane sitt behov for betring og utvikling i møte med framtida.

 

Formål: Å utvikle barnehagen til lærande organisasjonar med vekt på kvalitet.

Mål:
Tilbodet i barnehagane vert opplevd som heilskapleg og likeverdig. Alle barnehagane arbeider systematisk og utan opphald med kvalitet etter same metode.

Barnehagane har felles plattform for leiing og arbeid med kvalitet. Det er tydleg leiing med fokus på fag og aktiv medverknad i alle ledd.

Barnehagane har teikn på å vere lærande organisasjonar. Barnehagane har felles kultur med vekt på systematisk arbeid med kvalitet, læring, utvikling, gode faglege resultat og positivt arbeidsmiljø.

Delmål:

  • Krav og forventningar til ulike leiarroller er avklart.
  • Barnehagar og avdelingar i same kommune har felles fokusområde.
  • Barnehagar og avdelingar i same kommune har same faglege standard for valt fokusområde.
  • Kvar avdeling har definert ”beste praksis” og avleverer resultat.
  • Rolla som pedagogisk leiar er styrka.
  • Aktiv medverknad i alle ledd.
  • Tydeleg og nær leiing med fagleg autoritet.
  • Metode for evaluering av beste praksis er prøvd.
  • Samarbeid mellom barnehagar er prøvd.
  • Standard er dokumentert i kvalitetssytemet.

 Vi har jobba med 4 fokusområdar:

- Barnehageåret 2015-2016: "Voksenrolla og barns språkutvikling i leiken ute."

- Barnehageåret 2016-2017: "Samlingsstunda som arena for målretta språkstimulering."

- Barnehageåret 2017-2018: "Språkstimulering gjennom lesegrupper."

- Barnehageåret 2018-2019: "Slå eit slag for vennskap."

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kontakt

Rigmor Strømskag Dale

Rigmor Strømskag Dale

Styrar Hyllestad barnehage
Telefon : 57789555
E-post :