Finn viktig informasjon om:

 

Barnehagetilbodet i Hyllestad

 

Hyllestad barnehage - Klikk for stort bilete

 

 

Hyllestad kommune ønskjer å tilby alle småbarnsforeldre eit godt og kvalitetssikra barnehagetilbod.   

I Hyllestad er det ein kommunal barnehage som dekkar heile kommunen.  Hyllestad barnehage ligg nedanfor kommunehuset, nær fjæra og med flott utsikt utover fjorden og til Lihesten.

Frå hausten 2022 har vi 3 avdelingar:

 

SKIFER AVDELING (9 barn i alder 0-3 år) tlf. nr. 906 91 036

GRANAT AVDELING (16 barn i alder 3-6 år) tlf.nr. 906 88 714

KONGLOMERAT AVDELING  (16 barn i alder 3-6 år) tlf. nr. 918 75 866

 

Opningstida er frå kl. 06.45 til 16.15

 

 

Søknadsfristen til hovudopptaket er 15. mars, men det kan søkjast om plass heile året. Nytt barnehageår startar 15. august 2022.    
 

 

 

Rett til barnehageplass

Alle barn som fyller 1 år seinast 31. august i søknadsåret, og som søkjer innan fristen 15. mars har lovfesta rett til barnehageplass. Barn som fyller 1 år i september, oktober eller november det året det søkje om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage innan utgangen av den månaden barnet fyller 1 år jfr. Lov om barnehager.

Dei som får plass må vere busett/folkeregistrert i kommunen når de
i tek til i barnehagen.

Vedlegg til søknad om barnehageplass

Eventuelle vedlegg frå lege, helsestasjon, barnevern, PPT eller andre institusjonar må sendast via vanleg post til Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957  Hyllestad innan søknadsfristen 15. mars. Merk konvolutten "Vedlegg til barnehagesøknad".

 

Betaling for barnehageplass i Hyllestad barnehage

Prisar barnehageplass frå Januar 2022:
           
Tilbod pr. månad :                                                            
100 % plass kr 2 500,-                                                    
  60 % plass kr 1 500,-                                                      

Overtidsgebyr ved for sein henting; Kr 300,- pr. påbyrja halvtime.
For eit barnehageår betalar ein for 11 månader, og  juli månad er betalingsfri.

Kjøp av ekstra timar: Kr 75,- pr. time

Matpengar pr. månad:                              
Barna har med matpakke til frukost.    Barna får lunsj, frukt og melk i barnehagen, og betalar pr. månad kr:          100% plass kr. 300,-                                                                                                                                                              60% plass kr. 200,-


Søskenmoderasjon:
50% frå og med barn nr. 2.
  

Moderasjonsordningar:

  •  Reduksjon av foreldrebetaling

Kostnad på barnehageplass skal ikkje utgjere meir enn 6 prosent av hushaldninga si inntekt. 

  •  Gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar

Alle 2-, 3-, 4- og 5- åringar som bur i ei hushaldning med samla inntekt mindre enn kr. 583 650,-  har rett til 20 timar gratis opphaldstid i barnehagen pr. veke.

Ei hushaldning si inntekt:
Ektefelle, registrert partnar og sambuar, si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. Som sambuar vert rekna to personar over 18 år som har felles barn, eller har budd saman tolv av dei siste 18 månadane.

Dokumentasjon ved søknad:
Som dokumentasjon på inntekta må søkjar legge ved sjølvmelding frå året før, eller tre siste lønnslipper.

Faktura:
Rekningane vert sendt ut i slutten av månaden. Husk å kontrollere faktura kvar månad. Gje beskjed til styrar ved feil (for mye eller for lite til å betale).

Oppseiing av barnehageplass
Oppseiing av barnehageplass/reduksjon av plass skal vere skriftleg og skal sendast til barnehagen. Oppseiingsfristen er gjensidig og gjeld 1 månad frå den datoen ein seier opp plassen. Det må betalast for oppseiingsmånaden, og barnehageplassen kan nyttast i oppseiingstida. 


Sjå også:

https://lovdata.no/forskrift/2005-12-16-1478/§3

http://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/barnehage/foreldrebetaling/moderasjonsordninger-foreldrebetaling/

 

 

Planleggingsdagane for barnehageåret 2022 / 2023: 

12. august 2022 (fredag)

4. november 2022 (fredag)

2. januar 2023 (måndag)

11. april 2023 (tysdag)

19. mai 2023 (fredag)

 

Barnehagen er stengt dei 3 siste vekene i juli

(veke 28, 29 og 30 dvs. 11. - 31. juli)

 

Velkomen til oss!

Rigmor Strømskag Dale
Styrar Hyllestad barnehage
E-post
Telefon 57 78 95 55
Mobil 906 88 714
Sonja Akse
Assisterande styrar
E-post
Telefon 57 78 95 56