Vil du bli vår nye medarbeidar? Søk jobb i Hyllestad kommune då vel
Kort om søkjeprosessen
Vil du søkje på ei ledig stilling i Hyllestad kommune, må du registrere CV og sende søknaden elektronisk. Dette gjer du ved å opprette ein eigen brukarident og eit passord i Easycruit.
Når du har sendt oss ein søknad vil du få ein automatisk e-post som stadfestar at søknaden din er motteken. Vi nyttar Easycruit i kommunikasjon i ein tilsettingsprosess, som oftast via e-post. Svar på søknaden din vert sendt via Easycruit òg. Om du ikkje mottek ein e-post når du sender inn søknaden din/forventar å få svar, sjekk gjerne spamfilter/søppelpost om melding frå kommunen ligg der.
Er du interessert i fleire stillingar, må du senda ein søknad per stilling.
Du kan sende inn kopi av vitnemål, attestar, kursbevis med meir gjennom portalen, eller du tek dei med til eit eventuelt intervju eller på førespurnad.
CV i basen vår
Du treng ikkje å registrere ny CV for kvar gang du søkjer ein jobb i Hyllestad kommune. Du brukar den CV'en du har lagt inn i Easycruit og skriv ein kortfatta søknadstekst i tillegg. Du kan sjølv slette din CV når du ikkje lenger ønskjer å ha den liggande i CV-basen vår.
Men - ein CV blir ikkje liggande lenger enn 6 månader i basen.
Generell søknad/opne søknader
Hyllestad kommune er ein offentleg organisasjon som i tråd med offentleg lovverk og kommunen sitt personalreglement er pliktig å lyse ut alle ledige stillingar. Dette gjeld både faste stillingar og vikariat. Vi har soleis ikkje høve til å motta opne søknader eller foreta tilsettingar via slike henvendigar.
Alle ledige stillingar vert lagt ut på nettsidene våre.
Politiattest
Ei rekkje stillingar krev at du viser fram politiattest før tiltreding. Du treng ikkje vise fram slik attest når du søkjer, men før du tek til i stillinga.
Du treng politiattest dersom du søkjer stilling innan barnevern, brannvern, helsepersonell som arbeider med born, utviklingshemma eller skal oppnemnast som representant for mindreårige asylsøkjarar, barnehage, skulefritidsordning og grunnskulen.
På heimesida til politiet kan du lesa om politiattest/valdelsattest og finna søknadsskjema.
Ein politiattest kan ikkje vere eldre enn 3 månader.
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at namn på søkjar til dei ulike stillingane kan verte offentleggjort, sjølv om du som søkjar har bedt om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Du vil i så fall verte kontakta på førehand.
Hyllestad kommune ønskjer deg velkomen som søkjar til stilling hos oss!