Finn viktig informasjon om:

 

Spørjetime i kommunestyret

Før møter i kommunestyret er det opna for inntil 30 minuttars offentleg spørjetid. I møter der budsjett, handlingsprogram og kommuneplan vert handsama er det ikkje spørjetime. Det same gjeld ekstraordinære møter.

Alle som er busett i Hyllestad kan stille offentlege spørsmål til kommunestyret.

Spørsmåla må sendast skriftleg til ordførar innan 4 dagar før spørjetimen. Spørsmålsstillar må vere til stades i møtet, men vel om vedkomande vil lese spørsmålet sjølv eller om ordførar skal gjere det.

Ligg det ikkje føre spørsmål ved starten av møtet eller spørjetida ikkje vert fullt ut nytta, vert den formelle delen av møtet sett, spørjetimen går då ut.

Kommunestyret sine medlemmar og varamedlemmar kan sjølve ikkje ta del i spørjetimen.

Ordførar avgjer kven som skal svare på spørsmålet.

Spørsmåla skal vere korte og det må normalt berre ta inntil 3 minutt å stille dei og inntil 5 minutt å svare på dei. Ut over dette har spørsmålsstillaren og svarar anledning til replikk i inntil 1 minutt.

Spørsmål må berre gjelde kommunale tilhøve og vere av allmenn interesse for kommunen sine innbyggjarar.

Personlege saker og saker som er unnateke offentlegheit/underlagt teieplikt skal ikkje takast opp.

 

https://www.hyllestad.kommune.no/politikk-og-samfunn/lokalpolitikk/reglement-for-folkevalde/