Oppstart av planarbeid - Hovudplan vatn og avløp

I medhald av plan- og bygningslova § 11-12 varslar Hyllestad kommune planoppstart for hovudplan vatn og avløp. Forslag til planprogram leggast også ut på høyring og offentleg ettersyn i 6 veker, jf. plan- og bygningslova §§ 11-13 og 11-14.

Utval for plan og samfunn vedtok på møte 09.02.2023 at det varslast planoppstart jf. plan- og bygningslova § 11-12. Forslag til planprogram jf. plan- og bygningslova § 11-13 leggast også ut på høyring og offentleg ettersyn i 6 veker, jf. plan- og bygningslova § 11-14.

Hyllestad kommune varslar med dette planoppstart for ny hovudplan vatn og avløp. Ny hovudplan for vatn og avløp utarbeidast som kommunedelplan etter føresegnene i plan- og bygningslova og gjeld i perioden 2023-2030.

Planområdet

Planen vil omfatte Hyllestad kommune si vassforsyning og avløpstenester med tilhøyrande installasjonar i heile kommunen. 

Føremålet med planen

Føremålet med planen er å kartlegge status og overordna mål for avløp, vassforsyning og vassmiljø i kommunen, og at planen skal fungere som eit politisk og administrativt styringsverktøy for kommunen sitt arbeid med årsbudsjettering og økonomiplan.

Medverknad

Forankring av planarbeidet blant kommunen sine politikarar, innbyggarar og næringsliv er ein viktig del av planarbeidet. Det leggast derfor opp til informasjon og moglegheit til brei medverknad og innspel.

Planprogram

Eit planprogram er eit verktøy for tidleg medverknad og avklaringar av viktige omsyn i planarbeidet. Det skal skildre føremålet med planarbeidet, avklare viktige problemstillingar og omtale korleis planlegginga er tenkt gjennomført.

Interesserte vert bedne om å kome med innspel og synspunkt til planprogrammet. Etter ein slik prosess, og på bakgrunn av forslaget til planprogram, vil eit endeleg planprogram bli utarbeida. Etter at endeleg planprogram er vedteke skal arbeidet med kommunedelplan for vatn, avløp og vassmiljø fullførast.

Forslag til planprogram kan du lese her:

Planprogram - Kommunedelplan for vatn, avløp og vassmiljø 2023-2030 (PDF, 362 kB)

Merknadar/innspel

Merknadar og innspel som gjeld planoppstart eller forslag til planprogram kan sendast til:

Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad

eller e-post til postmottak@hyllestad.kommune.no

Merknadar/innspel merkast med saksnummer 22/693.

Frist for å komme med merknad/innspel til planoppstar og planprogram vert sett til 14.04.2023.

Spørsmål

Øvrige spørsmål om planarbeidet kan rettast til:

Gaute Lundeland, leiar Samfunnsutvikling og teknisk drift, gaute.lundeland@hyllestad.kommune.no eller tlf. 57789529