Forfallsdato på fakturaer
Kommunale eigedomsgebyr og eigedomsskatt vert fakturert fire gangar i året, mars, juni, september og desember, med forfall den 20.
Barnehage og sfo vert fakturert kvar månad, med forfall den 20.
Helse- og omsorgstenester vert fakturert kvar månad, med forfall den 20.
Kulturskuletenester vert fakturert to gangar per år, i juni og desember, med forfall den 20.
eFaktura
Hyllestad kommune tilbyr å betale fakturaene med eFaktura.
Du kan bruke tilsendt faktura og opprette eFaktura i nettbanken. Fakturaen vert registrert med eFakturareferanse. eFakturareferansen er dei åtte første siffera i KID-nummeret på fakturaen.
Du kan sjølv endre beløp og forfallsdato før du godkjenner ein faktura med kun eit klikk. I nettbankenhar du full kontroll over betalte og ubetalte fakturaer, uansett kor i verda du befinn deg.
Du kan registrere dine fakturaer som eFaktura her
AvtaleGiro
Hyllestad kommune tilbyr Avtalegiro, og du kan kombinere eFaktura og AvtaleGiro for betaling av fakturaer.
Fakturaen vert då trekt frå kontoen din automatisk på forfallsdato.
Treng du betalingsutsetting eller dele opp fakturaene dine?
Du kan søkje om betalingsutsetting for ein faktura. Ver merksam på at forseinkingsrenter vil gjelde frå opprinneleg forfallsdato. Du loggar på søknadsportalen med BankID.
Ta kontakt med økonomiavdelinga om dette er aktuelt.
Betalingssatsar på kommunale tenester
Utdrag av prislista:
> Fullstendig prisliste 2022 (PDF, 4 MB)