Velkomen som jobbsøkjar i Hyllestad kommune

Toppbanner Hyllestad.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

Korleis søkje?

Når du søkjer stilling i Hyllestad kommune må du registrere CV og sende søknden elektronisk.  Dette gjer du ved å opprette ein eigen brukaridentitet og eit passord i søkestystemet som kommunen nyttar (WebCruiter).

 

E-postkommunikasjon

E-postadressa di vert nytta som brukaridentitet. Dersom du ikkje allerede har ei eiga e-postadresse, kan dette opprettast gratis vie ei rekkje leverandørar (t.d. gmail, hotmail).  Du bør òg legge e-postadressa inn i CV'en, som konktaktopplysning.

Når du har søkt på ei stilling, vil du få eit svar på e-post der vi stadfestar at søknaden er motteken. Undervegs i handsaminga av våre søkjarar, vil det òg vere e-postkommunikasjon.

 

CV i basen vår

Du treng ikkje å registrere ny CV for kvar gang du søkjer ein jobb i Hyllestad kommune.  Du brukar den CV'en du har lagt inn i WebCruiter og skriv ein kortfatta søknadstekst i tillegg.  Du kan sjølv slette din CV når du ikkje lenger ønskjer å ha den liggande i CV-basen vår.  Har du søkt jobb andre stadar og brukt WebCruiter, kan du gjenbruke identen din.

 

Generell søknad

Hyllestad kommune er ein offentleg organisasjon som i tråd med offentleg lovverk og kommunen sitt personalreglement er pliktig å lyse ut alle ledige stillingar.  Dette gjeld både faste stillingar og vikariat.  Vi har soleis ikkje høve til å motta opne søknader eller foreta tilsettingar via slike henvendigar.  Alle ledige stillingar vert lagt ut på nettsidene våre.

Er du interessert i vikariat, kortare enn seks månader, eller som tilkallingsvikar - send oss gjerne ein søknad ved å registrere CV i databasen vår.

 

Politiattest

Ei rekkje stillingar krev at du viser fram politiattest før tiltreding. Du treng ikkje vise fram slik attest når du søkjer, men før du tek til i stillinga.  Arbeidsavtale vert skrive med atterhald om at tilfredsstillande politiattest kan visast fram før tiltreding i stillinga.

Du treng politiattest dersom du søkjer stilling innan barnevern, brannvern, helsepersonell som arbeider med born, utviklingshemma eller skal oppnemnast som representant for mindreårige asylsøkjarar, barnehage, skulefritidsordning og grunnskulen.

Du søkjer om politiattest elektronisk via www.politi.no/tjenester/politiattest eller sender inn søknadsskjema på papir til politiet.  Du kan bruke tilsendt arbeidsavtale som dokumentasjon, eller vi sender deg ei stadfesting på føremålet med attesten.  Ein politiattest kan ikkje vere eldre enn 3 månader.

 

OBS!  Vi gjer merksam på at namn på søkjar til dei ulike stillingane kan verte offentleggjort, sjølv om du som søkjar har bedt om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25.  Du vil i så fall verte kontakta på førehand.

 

 

Hyllestad kommune ønskjer deg velkomen som søkjar til stilling hos oss!

 

 

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Elin Garnes Solås

Kontor- og personalsjef
Telefon : 577 89 504
E-post :

Kan ekspedisjonen hjelpe deg ?

Telefon : 57 78 95 00
E-post :
Meir om tenesta (1)
 
 
Login for redigering