Velkomen som jobbsøkjar i Hyllestad kommune

> Sjå ledige stillingar             > Sjå/endre CV  

 

 

 

 

 

 

 

.

Kort om søkjeprosessen
Vil du søkje på ei ledig stilling i Hyllestad kommune, må du registrere CV og sende søknaden elektronisk.  Dette gjer du ved å opprette ein eigen brukarident og eit passord i Easycruit.

Vi har fått ny søkjarportal i mars 2019.  CV som er lagt inn i basen før 21.3.2019 er ikkje registrert i den nye portalen.  Første gang du søkjer ei stilling hjå oss etter mars 2019 må du legge inn CV på nytt.  Det nye systemet forenklar jobben med å legge inn CV'en ved at det les både frå fil og sosiale media.

CV i basen vår
Du treng ikkje å registrere ny CV for kvar gang du søkjer ein jobb i Hyllestad kommune.  Du brukar den CV'en du har lagt inn i Easycruit og skriv ein kortfatta søknadstekst i tillegg.  Du kan sjølv slette din CV når du ikkje lenger ønskjer å ha den liggande i CV-basen vår. 

Generell søknad
Hyllestad kommune er ein offentleg organisasjon som i tråd med offentleg lovverk og kommunen sitt personalreglement er pliktig å lyse ut alle ledige stillingar.  Dette gjeld både faste stillingar og vikariat.  Vi har soleis ikkje høve til å motta opne søknader eller foreta tilsettingar via slike henvendigar.  Alle ledige stillingar vert lagt ut på nettsidene våre.

Opne søknader
Vi har ikkje moglegheit for å motta opne søknader, men ønskjer du informasjon om eventuelle karrieremoglegheiter i Hyllestad kommune kan du ta kontakt med personalsjef Elin Garnes Solås på e-post elin.garnes.solas@hyllestad.kommune.no eller på telefon 577 89 502.

Politiattest
Ei rekkje stillingar krev at du viser fram politiattest før tiltreding. Du treng ikkje vise fram slik attest når du søkjer, men før du tek til i stillinga.  Arbeidsavtale vert skrive med atterhald om at tilfredsstillande politiattest kan visast fram før tiltreding i stillinga.

Du treng politiattest dersom du søkjer stilling innan barnevern, brannvern, helsepersonell som arbeider med born, utviklingshemma eller skal oppnemnast som representant for mindreårige asylsøkjarar, barnehage, skulefritidsordning og grunnskulen.

Du søkjer om politiattest elektronisk via www.politi.no/tjenester/politiattest eller sender inn søknadsskjema på papir til politiet.  Du kan bruke tilsendt arbeidsavtale som dokumentasjon, eller vi sender deg ei stadfesting på føremålet med attesten.  Ein politiattest kan ikkje vere eldre enn 3 månader.

Offentleg søkjarliste 
Vi gjer merksam på at namn på søkjar til dei ulike stillingane kan verte offentleggjort, sjølv om du som søkjar har bedt om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25.  Du vil i så fall verte kontakta på førehand.

 

Hyllestad kommune ønskjer deg velkomen som søkjar til stilling hos oss!

Kontakt

Elin Garnes Solås

Stabssjef økonomi og personal
Telefon : 577 89 504
E-post :