Koronavirus

Hyllestad kommune føl nøye med på situasjonen kring utbrotet av koronavirus, og tilrår at alle innbyggjarane held seg oppdatert hos Folkehelseinstituttet .  

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Lokal koronatelefon 08.00-15.30 - 908 19 356.

Har du andre spørsmål om koronaviruset kan du ringe Folkehelseinstituttet sin nasjonale informasjonstelefon 815 55 015.
 

 

 

Melding om reguleringsvedtak

Hyllestad kommunestyre har i medhald av § 12.12 i Plan- og bygningslova i møte 20.06.19 vedteke fylgjande privat fremja reguleringsplan:

Reguleringsplan Fv. 607 Heggebø-Leirvik. Gang- og sykkelsamband.

Klikk for stort bileteFormålet til reguleringsplanen er å løyse ut eit samanhengande gangfelt frå Heggebøen til Leirvik. Planen legg opp til å byggje 250 m gangveg skilt frå køyrevegen med betongrekkverk og 220m fortau skilt frå køyrevegen med kantstein. Gangvegen skal ligge på austsida av køyrevegen, og det er ikkje planlagt tiltak som går ut over sjø og strandsone.
 



 

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast til Fylkesmannen. Klagefristen er 3 veker frå denne kunngjering (13.09.19). Eventuell klage kan sendast Hyllestad kommune, Plan og utvikling, 6957 Hyllestad

 

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing som fylgje av reguleringa jf. Plan- og bygningslova § 32 og 42, må gjerast gjeldande innan 3 år frå denne kunngjering.