Finn viktig informasjon om:

 

Utskriving av eigedomsskatt 2022

Naust på Hyllestad atle-foto  

Med heimel i budsjettvedtak 21/085 og i samsvar med eigedomsskattelova § 14 og 15, vert eigedomsskattelistene for Hyllestad kommune lagt ut til offentleg ettersyn i 3 veker, frå og med 01.03.2022.

Her kan du sjå skattelista:

Eigedomsskattelistene for 2022 (PDF, 4 MB)

Eigedomsskattelista ligg òg i resepsjonen på kommunehuset på Hyllestad.

Les meir  om eigedomsskatten

Klagerett

Eigar kan klage på grunnlag for eigedomsskatt kvar år dersom det ikkje har vore klaga på same grunnlag tidlegare år. Dette fylgjer av eigedomsskattelova § 19.

Klaga må gjevast inn skriftleg til kommunen innan seks veker frå den dagen det vart kunngjort at eigedomsskattelista var utlagd eller dagen skattesetelen vart sendt.

Eventuell klage sendast til Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad eller e-post til postmottak@hyllestad.kommune.no. 

Frist for klage vert sett til 15.04.2022.