Tilbod om HPV-vaksine til unge kvinner

Tilbod om gratis HPV-vaksine til unge kvinner i Hyllestad kommune født i 1991 og seinare. 

Nesten alle tilfeller av livmorhalskreft skuldast eit virus som heiter humant papillomavirus (HPV). HPV smittar ved seksuell aktivitet og er svært vanleg. Derfor får no kvinner født i 1991 eller seinere tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet startar 1. november 2016 og varer i to år.

Hpv-vaksinen har vore ein fast del av barnevaksinasjonsprogrammet i 7. klasse sidan 2009.

Alle kvinner født i 1991 eller seinare, inklusiv dei som takka nei då dei gikk i 7. klasse, kan no få vaksinen gratis.

Det er ein vaksine som vert gitt over 3 injeksjoner:
Første dose vert gitt på avtalt dag.
Andre dose vert gitt1 månad seinere.
Tredje dose vert gitt 5 månader etter andre dose.

Elevar
 på Dale vidaregåande skule kan få hpv-vaksine på skulen i Dale.  Ta kontakt med helsesøster på skulen for nærare avtale.

Andre som ønskjer vaksinen kan ringe eller sende melding til helsesøster Miriam Høberg, telefon 57789512 / mobil 93494966.

 

> Les meir på folkehelseinstiuttet sine sider om vaksinen.