Lurer du på noko om undersøkinga?
Vi svarer kl. 9-15. (20.-21. april , 26.-27. april og 3.-4. mai har vi i tillegg utvida svartid kl 19-21)
Resultata frå undersøkinga vil bli viktige verktøy i vårt arbeid med å skape gode lokalsamfunn og nærmiljø.
Undersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune, i dialog med oss. Spørsmåla handlar om helse, trivsel, livskvalitet og andre forhold som har betyding for folkehelsa.
Mange og gode svar gir verdi for kommunen
Undersøkinga vil gi Hyllestad kommune verdifull informasjon om korleis du som innbyggar har det. Spørsmåla i undersøkinga er relevante både for folkehelsearbeidet vårt, og til drift og planlegging innanfor ei rekke av kommunen sine ansvarsområde; som samfunnsutvikling, oppvekst, helse og velferd, kultur og mobilitet.
- Etter to år med pandemi er det viktig for oss å kartlegge korleis innbyggarane våre har det. Vi har eit mål om at du som bur i Kinn skal ha god livskvalitet i alle livsfasar. Slike kartleggingar vil hjelpe oss i vårt arbeid med å sikre dette målet. Vi er avhengig av mange svar for å få best mogleg datasett å jobbe ut i frå, seier leiar for helse- og omsorg Trine Engebø
Gåvekort til heldige deltakarar
Tolv heldige deltakarar blir trekt ut til å vinne universalt gåvekort – to på kr. 2500 og ti på kr. 1000. Gåvekorta er gyldig i fem år.
Klikk her for meir informasjon og lenke til undersøkinga.
Kvifor har vi denne undersøkinga?
Målet med undersøkinga er å få ny lokal kunnskap om korleis innbyggjarane i Vestland har det. Slik kan kommunane og fylket arbeide for å betre livskvalitet, trivsel og helse blant befolkninga.
For kommunane vil spørsmåla i undersøkinga vere relevante både for folkehelsearbeidet i kommunen, og til drift og planlegging innanfor ei rekkje av kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd, kultur og mobilitet.
Resultata frå undersøkinga vil gje eit godt kunnskapsgrunnlag for arbeid med Folkehelseoversikta i Vestland og påfølgjande planstrategi og anna planarbeid.
Les meir på sidene til FHI