Høyring - Kommuneplanen sin arealdel 2020-2032 Plan og samfunn gjorde i møte 04.03.21 følgjande vedtak: PLSA-21/028 Vedtak: I medhald av pbl § 11-14 vedtek Hyllestad plan og samfunn å legge kommuneplanen sin arealdel 2020-2032 ut på høyring og til offentleg ettersyn. Føremålet med planarbeidet er å gjere tilpassingar av vedteken plan for følgjande punkt: Å leggje til rette for tilpassing og tilføring av areal knytt til sentrumsområda i kommuen. Å leggje til rette for bustadar/fritidsbustadar og næring i spreiddbygde område og avklare arealbruken i strandsona Oppdatering av føresegner og omsynssoner i tråd med gjelande planverk Å leggje til rette for utbygging knytt til eksisterande arealbruk på sjø og land. Plandokument: 1.gongs handsaming Planskildring Føresegner (PDF, 863 kB) Konsekvensutgreing og ROS Kartlegging funksjonell strandsone og byggegrense Plankart Plankart med faresoner Plankart utan faresoner Plankarta er tunge og innhaldsrike filer. I mange tilfeller kan det vere lettare å sjå digitalt på kartløysinga kommunekart ,trykk på «kartlag» i øvre venste hjørnet, merk av «arealplan» og «kommuneplanen sin arealdel 2020-2032» i menyen til høgre. Kunnskapsgrunnlag Planprogram Havbruksstrategi (PDF, 942 kB) Kommuneplanen sin samfunnsdel NB! Ny merknadsfrist satt til 04.06.2021 Merknader/innspel kan sendast til Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad eller postmottak@hyllestad.kommune.no For resterande dokument i saka: Kommuneplanen sin areal 2020-2032