Finn viktig informasjon om:

 

Høyring - Detaljreguleringsplan Eide hamn, 35/14 mfl.

I samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-11 blir planframlegg for detaljreguleringsplan Eide hamn, gbnr 35/14 mfl. lagt ut til høyring og offentleg ettersyn etter handsaming i utval for Plan og samfunn 21.10.21, saksnr. 21/087.

Planområdet omfattar avgrensinga som synt på kartutsnittet. Forslagstiller er Firda Sjøfarmer AS.

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for etablering av servicebase og tilhøyrande hamn på Eide. Planområdet ligg innanfor hamn og LNF-område i gjeldande kommuneplan.

Saksdokument:

Plankart
Føresegn
Planomtale
ROS-analyse
Saksframlegg
Andre saksdokument

Alle saksdokumenta finn du òg på kommunen sine heimesider ved å trykke her.

Merknadar til planframlegget kan rettast til:
Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad eller postmottak@hyllestad.kommune.no ,
med kopi til plankonsulent, A\STAB, Ulsmågvegen 7, 5224 Nesttun Eller epost: gaute@a-stab.no.

Merk med : Reguleringsplan Eide kai - Firda, sak 20/592

Frist for merknader er satt til 12.desember 2021.