Kommunestyreval 2019

 

 

 

 

Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen 9. september, kan du førehandsrøyste i den kommunen det høver best for deg.  Veljarar som ønskjer å røyste på førehand, kan gjere dette i tidsrommet frå 12. august til og med 6. september 2019.

No kan du sjekke om du står i Hyllestad kommune sitt manntal til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019. 

For å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet må du stå i manntalet.

Manntalet for Hyllestad kommune er lagt ut til offentleg ettersyn på kommunehuset frå 26. juli 2019 og til og med valdagen 9. september 2019.

 

 

 

 

 

Hyllestad kommunehus.

Det er levert inn 4 lister til kommunestyrevalet 2019.  Det er levert liste frå Kristeleg Folkeparti, Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Høgre.

Valdag er 9. september.

 

I år er det kommunestyre- og fylkestingsval, valdagen er 9. september. 

Alle parti og grupper som ønskjer å stille til val må levere listeframlegg til valstyret i kommunen dei ønskjer å stille til val i.