På nettsida til NAV vil du finne informasjon, ulike søknadsskjema og svar på dei fleste spørsmål.
For å sende søknader, finne opplysningar om saka di og ha skriftleg dialog med NAV må du logge inn på Ditt NAV via ID-porten.
Her finn du ulike måtar å kontakte oss på og her finn du informasjon om kontoret vårt og opningstider.
Tenestetilbodet til NAV Hyllestad
Ønsker du time med ein rettleiar tilrår vi at du tek kontakt for avtale på førehand. Vi kan gjennomføre samtalar på telefon, video, pc, mobil og på kommunehuset.
Opplysning, råd og rettleiing
Vi tilbyr samtaler kring arbeid og økonomi.
- Arbeid - du kan få hjelp til å finne ledige stillingar, skrive CV og jobbsøknadar.
- Økonomi - vi tilbyr gjeldsrettleiing, vi kan hjelpe deg med å få ein oversikt over økonomien din og sette opp budsjett. Vi kan og informere om moglege økonomiske støtteordningar.
Når det gjeld spørsmål om utbetalingar frå NAV finn du generell informasjon her. Om du ikkje finn svaret der må du ringe NAV kontaktsenter på telefon 55 55 33 33.
Økonomisk sosialhjelp
- Dette er ein stønad som vert gitt til personar som ikkje har eigne pengar til levekostnader.
- Hyllestad kommune har òg retningslinje på at det kan ytast stønad til fritidsaktivitet til barn frå første klasse og opp til 18 år. Målgruppa er barn i familiar som mottar økonomisk sosialhjelp eller har økonomi på sosialhjelpsnivå.
- Du kan søke om økonomisk sosialhjelp digitalt. Papirsøknad får du på NAV-kontoret.
Du finn informasjon og rettleiing om økonomisk sosialhjelp her
Kvalifiseringsprogram
Eit program for deg mellom 18 og 67 år som ynskjer å kome i arbeid, men trenge ekstra oppfylging for å klare det. Her kan du lese meir om kvalifiseringsprogrammet (KVP)
Midlertidig bustad
Om du ikkje har ein stad å sove/opphalde deg hjelper vi deg med å finne eit butilbod.
Tenestetilbodet til NAV Hyllestad
Ønskjer du time med ein rettleiar tilrår vi at du tek kontakt for avtale på førehand. Vi kan gjennomføre samtalar på telefon, video, pc, mobil og på kommunehuset.
Opplysning, råd og rettleiing
Vi tilbyr samtaler kring arbeid og økonomi.
Du kan få hjelp til å finne ledige stillingar, skrive CV og jobbsøknadar.
Vi tilbyr gjeldsrettleiing, vi kan hjelpe deg med å få ein oversikt over økonomien din og sette opp budsjett. Vi kan og informere om mogelege økonomiske støtteordningar.
Når det gjeld spørsmål om utbetalingar frå NAV finn du generell informasjon her. Om du ikkje finn svaret der må du ringe NAV kontaktsenter på telefon 55 55 33 33.
Økonomisk sosialhjelp
- Dette er ein stønad som gis til personar som ikkje har eigne pengar til levekostnadar.
- Hyllestad kommune har og retningslinje på at det kan ytast stønad til fritidsaktivitet til barn frå fyrste klasse og opp til 18 år. Målgruppa er barn i familiar som mottar økonomisk sosialhjelp eller har økonomi på sosialhjelpsnivå.
- Du kan søke om økonomisk sosialhjelp digitalt. Papirsøknad får du på NAV-kontoret.
Du finn informasjon og rettleiing om økonomisk sosialhjelp her
Kvalifiseringsprogram
Eit program for deg mellom 18 og 67 år som ønskjer å kome i arbeid, men trenge ekstra oppfølging for å klare det. Her kan du lese meir om kvalifiseringsprogrammet (KVP)
Midlertidig bustad
Om du ikkje har ein stad å sove/opphalde deg hjelper vi deg med å finne eit butilbod.
Sist endra 27.01.2022 13.56