Bustad
Kommunen har ansvar for å skaffe bustad til dei flyktningane som Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) ber kommunen om å busette. Det kan ta noko tid fra asyl er innvilga til busetting skjer.
Flyktningar kan òg finne bustad sjølv, og må då søkje kommunen om å bli formel busett, for å få rett til tenester frå det offentlege.
Sosiale tenester
Dersom du ikkje har, eller ikkje kan skaffe deg, tilstrekkeleg inntekter til å betale for mat, husleige eller straum, kan du søkje om økonomisk sosialhjelp hos NAV.
Helsetilbod
Alle flyktningar som oppheld seg i Hyllestad har rett til akutt helsehjelp. Bur du privat har du rett på helseteenester på lik linje med andre innbyggjarar. Ved behov for tolk får du tilbud om dette gratis.
Helseundersøking og tuberkulosescreening
Flyktningar, asylsøkjarar og familiegjenforente som bur i Hyllestad har rett til ei gratis helseundersøking i løpet av de tre første månedene etter ankomst. Helseundersøkinga er frivillig.
Alle flyktningar og asylsøkjarar har plikt til å gjennomføre tuberkulosescreening innan fire veker etter ankomst Noreg.
Introduksjonsprogram
Hyllestad kommune tilbyr alle flyktningar og familiegjenforente med flyktninger eit introduksjonsprogram. I hovudsak består programmet av faga norsk og samfunnskunnskap, samt yrkesretta språkpraksis og andre tiltak som førebur til vidare opplæring eller tilknyting til arbeidslivet. I tillegg inkluderer programmet kompetansekartlegging, livsmeistringskurs og foreldrerettleiing.
Barnehage
Hyllestad kommune tilbyr alle barn plass i Hyllestad barnehage, ta kontakt med flyktningkonsulenten om du treng hjelp til å søkje plass til barnet ditt.
Skule og utdanning
Flyktningbarn har rett til eit skuletilbud så fort som mogleg. Ikkje-norsktalende ungdom i alderen 16 til 18 år kan få språkopplæring. Vaksne kan få gratis språkopplæring.