Kven kan få bustønad?
På Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustøtte, og kva krav som gjeld for bustaden og inntekt.
> Sjekk om du kan få bustønad
Korleis søkje om bustønad?
Du kan søkje om stønad elektronisk eller på papir. Søknadsfristen er den 25. i kvar månad, og utbetalinga kjem den 20. i månaden etter. For å søkje må du vere fylt 18 år, ikkje vere student eller avtjene sivilteneste eller førstegongsteneste. Du må vere folkeregistrert på bustaden si adresse den 1. i månaden du søkjer.
Papirsøknader kan sendast til NAV Hyllestad, 6957 Hyllestad eller du kan komme innom NAV-kontoret og få hjelp og rettleiing til utfylling av søknaden.
> Søknadsskjema til Husbanken - papirskjema
> Søknadsskjema til Husbanken - elektronisk
Du må melde frå om endringar
Dersom du får tildelt bustønad, treng du ikkje søkje kvar månad. Men du må melde frå skriftleg til kommunen dersom
- det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue
- dersom du flyttar til ein ny bustad (då må du søkje på nytt)
- dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
- dersom bukostnadane endrar seg
- dersom ein i bustaden/huslyden blir student
> Melding om endringar
> Slik stoppar du bustøtta
Klage på vedtak om bustønad
Dersom du meiner noko er feil i vedtaket kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtak. I nokre høver må du fylle ut eit eige klageskjema. Klaga skal du sende til NAV Hyllestad, 6957 Hyllestad.
> Slik klagar du på eit vedtak om bustøtte
Ønskjer du meir informasjon om bustønad, ta kontakt med NAV Hyllestad for å få hjelp og rettleiing (telefon 55553333).
> Logg inn i "Min bostøtte" for å
- lese brev, meldingar og vedtak
- melde frå om endringar
- stoppe bustøtta