Finn viktig informasjon om:

 

Skulehelsetenesta

Hyllestad skule har samarbeid med skulehelsetenesta. Vi er så heldige at skulehelsetenesta held til i bygget ved sida av skulen. Helsesjukepleiar sin base er på rom 212 når ho er her. Helsesjukepleiar er Signe Bjorøy. Ho skal ta utdanning ved sida av jobb og skal derfor jobbe redusert. Hyllestad kommune har derfor leigd inn Miriam Høberg som kjem og skal ta seg av ein del av det faste arbeidet ein helsesjukepleiar skal gjere som t.d. vaksinasjon av born i skulealder mm.   

Dersom elevar har behov for å samtale med nokon har skulen sosiallærar og andre tilsette med nedsett ressurs til slikt arbeid. Det er viktig for elevane å ha trygge/gode vaksne ein kan ty til når det er behov og sleppe vente med det som er vanskeleg.

Utanom dette har skulen og helsestasjonen samarbeid om ulike tema som t.d. pubertet, psykisk helse mm., sjå utfyllande informasjon på lenkja under: 

https://www.hyllestad.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/helsestasjonen/skulehelsetenesta/