Finn viktig informasjon om:

 

Velkommen til Hyllestad skule!

Vår visjon: Gjere for å lære - saman i trivsel og tryggleik!

Dagsrytme

SFO(Skulefritidsordning) på Hyllestad skule opnar kl. 07.00 kvar dag. Borna er på SFO til skulen startar kl. 08.50. Dei et frukost på sfo kl. 08.00. Etter skuletid kl. 14.35 går elevar med SFO-plass tilbake til SFO-rommet og har moglegheit til å vere der til kl. 16.00. 

Læringsmiljø og satsingsområder

Skulen legg vekt på å skape eit triveleg og godt læringsmiljø både inne og ute. Vi har fokus på god klasseleiing, og varierte arbeidsmetodar. Vi ynskjer å ha meir praktisk arbeid for elevane våre, både i, og utanfor klasserommet. Vi har også fleire alternative læringsarenaer i nærmiljøet, mest kjent er Kvernsteinsparken. Kvernsteinsparken og skulen samarbeider også komande skuleår om å gi 7.kl. undervisning i parken ein halv dag for veka. Dette tilbodet startar i veke 42.

Som satsing framover har Hyllestad skule fylgjande satsingsområde på utviklingsplanen:

1) Inkluderande skulemiljø

2) Vurdering for meistring

Læringsresultat

Undersøkingar og statistikk syner at elevane sitt læringsutbytte er godt, og at trivselen ved skulen er bra. Skulen skal arbeide systematisk og utan avbrot for at alle elevar skal ha det trygt og godt på skulen (gjeld òg leksehjelp og SFO). Her er elevrådet ein viktig bidragsytar. Det er viktig med elevmedverknad, noko både elevar og vaksne må jobbe med. 

Det er viktig med eit konstruktivt og godt samarbeid mellom elevar, foreldre, rådsorgan og skule. Foreldra skal ha ei aktiv rolle. Om det oppstår ei hending der ein elev kjenner seg krenka, oppfordrar vi sterkt til tett dialog (last ned informasjonsskriv til føresette). (DOCX, 46 kB) 

Fysisk aktivitet, symjing og kroppsøving

Vi har gode og flotte fasilitetar i Hyllestadhallen som ligg like ved skulen, her kan ein trimme, synge, male, teikne, spele biljard, lage mat og vere sosiale for å nemne noko. Om lag det einaste ein ikkje kan gjere der er å symje. Vi held fram samarbeid med Lavik symjehall der vi i fleire år har kjøpt symjetider for å få dekke kompetansemåla. Vi er i Lavik kvar tysdag. Fom skuleåret 2021-2022 starta vi opp med symjeundervisning i Myklebustfjæra i tillegg. Her er 7.-10.kl. fleire økter kvar i løpet av kroppsøvingstimane sine. Det er eit løft for Hyllestad og borna her. Skulen har kjøpt gode våtdrakter som elevane brukar til dette.  

Læringsplattform?

Skulen har gått over til å bruke O365 og har derfor valt å sei opp læringsplattforma Skooler. Føresette får lekseplan tilsendt på e-post og elevane får i papir. Alle elevar har tilgjenge til O365 heime og på skulen. Alle elevar har kvar si einheit tilgjengeleg på skulen. 1.-4.kl. har ipad og tilgjenge til pc, 5.-10. har tilgjenge til pc til ei kvar tid. For 5. og 8.kl. får dei pc ved skulestart. Denne har dei lov til å ta med heim.  

Leksehjelp

Vi tilbyr leksehjelp for elevane i 6. - 9. klasse to timar for veka, i år er dei lagt på måndagar og onsdagar.

Har de spørsmål? Kontakt oss på tlf.nr. 57789550, evt. direkte til rektor Kristin Eimind på tlf. 57789553. 

Hyllestad skule og sfo
Lifjordvegen 6, 6957 Hyllestad
E-post
Telefon +47 57 78 95 00

 

Kristin Eimind
Rektor
E-post
Telefon +47 57 78 95 53