Varsel
Eigar av fritidsbustad blir varsla på sms av tenesta varsling24 i tilstrekkeleg tid før feiaren kjem. Det er då viktig at du står registrert med mobiltelefon-nummer på adressa/eigedomsnummeret til bustaden. Du kan registrere deg på nettstaden: https://varslemeg.no/
Dersom nokon framleis ønskjer varsel per brev kan dette avtalast med feiar.
Før feiaren kjem (Huskeliste)
-
Heng lapp på ytterdør dersom de vil informere feiaren om noko.
-
Legge fram stige (for dei med feiing frå tak).
-
Sjekke at tak, stige og andre innretningar er i forsvarleg stand og i samsvar med regelverket
-
Parafin-/oljebrennar skal vere sløkt og avstengd (for dei som har det)
-
Stenge luker, ventilar og spjeldHugse å seie i frå til leigebuar
-
Passe på at ikkje noko anna kan være til hinder for feiinga
Sikker tilkomst
Det er bygningseigaren sitt ansvar å sørgje for at feiaren har sikker tilkomst til fyringsanlegget. Feiing av røykkanal utførast anten frå tak eller gjennom feieluke på loft. Sjå lenke om krav som feiaren stiller til tilkomst.
Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, framlagt stige eller på anna måte gjeve klar melding om at det kan feiast) vil det ikkje bli feia. Du kan ikkje rekne med ny feiing før neste runde dersom det ikkje blir gjort ny avtale medan feiaren er i området. Ta difor kontakt med feiaren så snart som mogeleg.
Tilsyn
Eigar eller representant for eigar er tilstade og sørgjer for at alle bueningar, eldstader og skorsteinar er tilgjengeleg. Om nødvendig må eigar eller eigars representant varsle andre brukarar (leigetakarar). Eventuelt avtale med feiar om plassering av nøkkel.
Tilsynet vil omfatte kontroll av:
-
Eventuelt tidligare avvik eller merknader er fylgt opp og utbetra.
-
Ny eldstad eller vesentlige endringar ved fyringsanlegget er meldt inn til kommunen.
-
Fyringsanlegget er tilfredstillande kontrollert, ettersett og vedlikehalde.
Har huseigar informasjon til feiarvesenet som har betyding for tilsynet ber vi om at dette blir lagt fram til oss når vi kjem. Dette kan vere f.eks. monteringsanvisning til omn o.s.v.
Spør om ID kort om du er usikker på vedkommande som kjem på døra.
Feiaren kan under tilsynet ta ein kontroll av brannlarm og sløkkeutstyr. Sjå lenke om krav til brannalarm og sløkkeustyr som stillast for bustad og fritidsbustad.
Endring av fyringsanlegget
Oppføring av ny eller rehabilitering av eldre skorstein er søknadspliktig. Sjå lenke: Informasjon om skorstein.
Skifte av eldstaden/omn er ikkje søknadspliktig, men det skal meldast ifrå til kommunen. Det er ingen formelle krav til dei som monterer eldstad, men vi oppmodar alle til å bruke kyndige fagfolk. Du kan sende inn følgjande skjema: Skjema - melding om ny eldstad
Feiaren skal under feiing og tilsyn vurdere tilhøve ved fyringsanlegg og har mynde til å gje pålegg om retting der det er naudsynt.