Brannøving og -opplæring Brannvesenet kan hjelpe deg om du ønskjer å planlegge og gjennomføre ei brannøving, eller om du ønskjer brannopplæring i firmaet ditt, sameiget, burettslaget eller ei foreining. Vi har kunnskap og erfaring som kan vere til hjelp i planlegging og gjennomføring av øvingar. Vi kan og delta i øvinga ved at vi blir varsla om det skulle vere ein reell alarm. Treng du generell brannopplæring eller opplæring innanfor eit avgrensa område som til dømes brannrisiko, sløkking, ansvarsfordeling osv. så kan vi lage tilpassa opplegg opp mot ditt behov. Ta kontakt med oss på telefon 57 78 95 00 Publisert av Idar Førde Blom Publisert 03.06.2015 10.03