
Eininga plan og utvikling har ansvaret for brannvern, feiing og forureining.
Brannvernet er delt i dei to avdelingane beredskap og førebyggjande. Hovudoppgåva er å førebyggje mot brann for å hindre at liv og verdiar får tapt. Brannstasjonen er lokalisert på Hyllestad, med adresse Myregjerde.
Brannberedskap
Brannvesenet skal på kort varsel rykka ut ved brann, trafikkuhell, redning på sjø og vatn, oljesøl og andre akutte samfunnsoppgåver. Brannvesenet har helgevakt og deltidstilsett utkallingsmannskap.
Førebyggjande brannvern
Førebyggjande avdeling har som hovudoppgåve å førebyggja brann og andre ulykker. Førebyggjande tiltak kan vere alt frå tilsyn, tiltak mot risikoobjekt og til informasjon retta mot innbyggjarane i kommunen.
I løpet av året arrangera vi ei rekkje informasjonstiltak og brannvernskampanjar, samt Open brannstasjon ein dag i året. Brannvesenet bistår med kurs og seminar for organisasjonar, bedrifter, institusjonar, skular, barnehagar, velforeiningar og andre.
Feiarvesenet
Feiing og tilsyn med fyringsanlegg er feiarvesenet si hovudoppgåve. Feiarvesenet skal også føre tilsyn med eldstader, sløkkemiddel, varslingsanlegg og rømmingsvegar i alle private bustadar.
Neste feiing : 2017
Neste tilsyn : 2019
Akutt forureining:
Hyllestad kommune har sin bereskap til akutt forureining gjennom IUA Bergen.