- Utvikle Havbruk og tilhøyrande verdikjede
- Utvikle Reiseliv
- Dyrke, pleie og legge til rette for «levebrødsbedrifter» - dei som ikkje har ambisjonar om å vekse, men som er viktige etablerte lokale arbeidsplassar. (Butikkar, varehandel, byggefirma, helse-og velvære, landbruk, kunst/design osv.)
- Utvikle buattraktivitet
- Påverke og utvikle samferdsle/infrastruktur
- Jobbe aktivt med samfunns- og næringsutviklingsprosjekt som støttar opp om strategiene
- Vere ei god førstlinje for dei som vil etablere eller utvikle bedrift
På tvers av alle satsingane skal vi ha fokus grøn næringsutvikling, innovative og inkluderande samfunn, og areal til næringsutvikling. Målet er heile tida å sikre verdiskaping, arbeidskraft og arbeidsplassar og vere litt i forkant på endringar vi ser vil komme.
Felles plan mellom Hyllestad kommune og HNR kan du sjå her! (PDF, 183 kB)
Næringskontor/førstelinetenesta
Har du gode idear eller prosjekt som kan gje arbeidsplassar, vekst og utvikling for Hyllestad kommune? Eller kanskje du ønskjer rådgjeving, tilgang på nettverk og kompetanse, hjelp til å bli synleg, søkje om fondsmidlar eller bli meir kjent med det offentlege verkemiddelapparatet? Då er du velkomen til å ta kontakt med oss!
Kontaktperson: Laila Johannessen, e-post: laila@emal.no. Mobil 95 22 48 46
Besøksadressa til næringskontoret: Eidsnesvegen 7, 6953 Leirvik i Sogn