Finn viktig informasjon om:

 

Omsorgsbustader

omsorgsbustad.JPG

Hyllestad kommune har 24 omsorgs- og servicebustader.  Desse er alle lokalisert rundt Eiklund sjukeheim på Sørbøvåg.

I Sørvisbustadane ved omsorgssenteret på Sørbøvåg er det 6 omsorgsbustader – ein 3-roms, ein stor 2-roms og fire mindre 2-roms. Bygget har overbygd gjennomgang til omsorgssenteret. Husleiga er inkludert kommunale avgifter. Straum kjem i tillegg.

I Bøkly ved omsorgssenteret på Sørbøvåg er det fem 2-roms bustader.  Bygget er frittliggande i felles tun med sjukeheimen. Husleiga er inkludert kommunale avgifter, straum kjem i tillegg.  

Eventuell bustønad kjem til frådrag for buutgiftene. NAV hjelper deg med søknad til Husbanken om bustønad. Husleiga kan regulerast årleg. 

 
Bustader      Husleige 2022

Soltun (inkl. straum)

10 000

Bøkly

5 834

Bøkly 2-roms

6 012

Sørvisbustad 3-roms

8 857

Sørvisbustad 2-roms

8 225

Sørvisbustad 2-roms

5 695

Sørbøtunet

10 000

 

Søknadsskjema: Søknad om omsorgstenester 
Du kan òg få tilsendt søknadsskjema i papir.  Ta kontakt med omsorgskontoret.

Søknadsskjema sender du til Hyllestad kommune, omsorgstenestene, Åfjordvegen 903, 6958 Sørbøvåg.

 

Eiklund sjukeheim
Omsorgstenestene
E-post
Telefon +47 57 78 96 00